LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Forskar - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %).Stillinga er eksternt finansiert av Trond Mohn Stiftelse (TMS) og er for tida knytt til prosjektet; “The TMS Brain Research Initiative: Understanding plasticity and neural circuit dynamics in the brain”. Prosjektet er leia av professor Clive Bramham ved nevrovitskaplege forskingsgruppa. Forskaren vil bli del av et tverrfagleg forskingsteam frå Institutt for biomedisin, UiB, og Kavli Institutt for Systems Neuroscience, NTNU. Prosjektet har ei førebels finansiering i fire (4) år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet fokuserer på celle biologiske mekanimsar for nevronalt synaptisk plastisitet og innvolverar følgande:

  • Live-cell imaging og analyse of synpasefunksjon
  • Utvikling av metodar for optisk kontroll av proteinaktivitet
  • Analyse of intracellulært protein traffikering ved bruk av "single molecule imaging".
  • Enkelpartikkel sporing av reseptorar ved bruk av "quantum dots"
  • Forskaran vil bidra til drift av an kjernefasilitet for "wide field single-molecule localization microscopy, particle tracking, and TIRF imaging.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad innan cellulær- eller molekylær-nevrovitskap, live-cell imaging eller tilsvarande doktorgrad
  • Søkjar må ha erfaring med enkelpartikkel sporing av AMPA-reseptorer i hippocampal nevroner.
  • Søkjar må ha erfaring med regulering av protein aktivitet gjennom bruk av photodissociable Dronpa.
  • Søkjar må ha erfaring med bruk cellemembran permeabel peptider for hemming av protein-protein interaksjoner.
  • Søkjar må ha vitenskapelige publikasjoner innen nevronal live-cell imaging.
  • det er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan nevrovitskap
  • løn etter lønssteg 64 (kode 1109/lønsramme 24.8) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 583 500. For søkjarar med spesialitet lønssteg 66 (lønsramme 24.10), for tida 604 700 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS