Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Forskar - Institutt for Biomedisin

Søknadsfrist: 04.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Forskar

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %).Stillinga er for tida knytt til prosjektet «Development of a novel targeted therapy against Triple-Negative Breast Cancer» og er finansiert av Norges Forskingsråd. Prosjektet har ei førebels finansiering i 2 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

  • Søkjar blir ein del av eit tverrfagleg team som jobbar mot å utvikle ny medisin mot kreft. Stillinga er eit samarbeid mellom universitetet, oppdragsforskingsorganisasjonar og Vestlandets Innovasjonselskap (VIS)
  • Søkjar vil bli ein del av vår «hit-to-lead» program og jobbe mellom akademia og biotek.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • det er ønskjeleg at forskaren har vitskaplege kvalifikasjonar innan biokjemi og protein strukturerer, fortrinnsvis 7 trasmembrane proteiner
  • erfaring frå forsking i sphingolipid metabolisme og/eller legemiddelkjemi vil og bli tillagt stor vekt
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må ha høg arbeidskapasitet, uovertruffen merittliste, og entusiasme for forsking
  • søkjar må vere flytande i munnleg og skriftleg engelsk
  • det er ein føremon om søkjar har erfaring frå internasjonalt samarbeid

Vi kan tilby:

  • eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan legemiddelutvikling
  • løn etter lønssteg 59 - 62 (kode 1109/lønsramme 24.3 – 24.6) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, for tida 523 800 – 552 800 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pfd) og ei liste over desse
  • doktorgradsavhandlinga (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunder
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder
  • Forskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • Instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • Forskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa
  • Forskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • Grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS