Forskar ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Søknadsfrist: 23.07.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskar
Ved Institutt for Informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei midlertidig stilling som forskar og fagleg ansvarleg for prosjektet «Demokrati, retorisk medborgarskap og kritisk tenking». Dette er ei midlertidig 67 % prosjektstilling på 18 månader. Det kan bli høve for forhandling om fordeling av prosentsatsen over prosjektets varigheit. Forventa startdato er 1. september med sluttdato er 28. februar, 2022.
Prosjektet er eit samarbeid mellom Informasjons- og medievitskap (UiB), talekonkurransen Ta ordet! og Fylkeskommunen Vestland. Målet er økt forståing for retorisk kritisk tenking og medborgarskap i vidaregåande skule. Prosjektet vil kartlegge behovet for undervisningsmateriale og -opplegg innan undervisninga i retorikk, demokrati og medborgarskap, utvikle og utprøve dette, og implementere det i prosjektets tre samarbeidsskular, samt i samarbeidsprosjektet Ta ordet!s arbeid med retorikk i skolen.
Arbeidsoppgåver:
Den fagleg ansvarlege vil bli knytt til Forskingsgruppa for retorikk, demokrati og offentleg kultur ved Informasjons- og medievitskap (UiB). Personen i stillinga vil være ansvarleg for å utvikle kursmateriell og lede kursing i retorisk formidling, kritisk tenking og forskingsmetodikk samt å gjennomføre samlingar for vurdering av undervisningsopplegg. Den fagleg ansvarlege har også ansvar for å følge opp vurderingane lærarane kommer med, og, i samråd med dei involverte lærarane, utvikle undervisningsopplegg for utprøving.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Ha doktorgrad/mastergrad innan retorikk, medievitskap, pedagogikk eller tilsvarande. Ei ph.d.-grad vil være ei føremon, men er ikkje noko krav.
Erfaring med undervisning og utvikling av læringsopplegg vil vera ei føremon
Ha evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
Vi kan tilby:
Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
Årsløn for forskar 1109 er lønssteg 59 - 62 (LR24 i statens regulativ) tilsvarande NOK 523 200 – 552 800,-. Årsløn for forskar 1108 er lønssteg 51 - 54 (LR25 i statens regulativ) tilsvarande NOK 456 400– 479 600,-. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Gode trenings- og velferdstilbod
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Søknaden skal innehalde:
Følgjebrev
CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid)
Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar
Eventuelle publikasjonar
Søknaden skal merkast: 20/6421
Søknadsfrist: 23. juli 2020
Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.
Til informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no.
Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.