Spennende jobbmulighet i Forskingsavdelinga psykiatri ved Haukeland universitetssjukehus!

Postdoktor / Forskar - Helse Bergen

Søknadsfrist: 15.05.2022

Helse Bergen

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Divisjon psykisk helsevern

Det er ledig ei 100% stilling som postdoktor/forskar knytt til SIPEA-2 studien.

Dette er eit forskingsprosjekt som byggjer på data frå SIPEA-studien ("Suicidality in Psychiatric Emergency Admissions"). SIPEA studien har hatt hovudfokus på sjølvmordsproblematikk i samband med behandlingsforløpet til pasientar som har vore innlagd i akuttpsykiatrien. I tillegg til dette temaet skal SIPEA-2 undersøkje risikofaktorar knytta til tidleg død på grunn av ulykker og sjukdom. Stillinga har to års varigheit.

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av artiklar frå SIPEA-2
  • Utarbeiding og publisering av artiklar
  • Rettleiing av og samarbeid med andre forskarar på ulike nivå
  • Prosjektstyring og rapportering
  • Munnlege presentasjonar
  • Tilrettelegging og analyse av forskingsdata. Datahandtering med programmet SPSS (primært, sidan samarbeidande forskarar oftast brukar dette programmet). Dette inneber koblingar av filar, rekodingar, variabel-konstruksjon, transformering av filar. Analysere data med univariate, bivariate og multivariate analysar: til dømes kryss-tabellar, t-testar, ANOVA, regresjon, overlevingsmodellar (kaplan-meier og Cox regresjon), og multilevel-modellar (linear mixed effect-modellar) og eventuelt andre typar av endringsmodellar

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha levert doktorgrad
  • Helsefagleg utdanning er ein fordel
  • Erfaring med forsking innan suicidalitet
  • Erfaring med å handtere store og komplekse datamengder
  • Erfaring med bearbeiding av data, fortrinnsvis ved bruk av SPSS. Kjennskap til andre program er ein fordel
  • Gode norsk - og engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Kunnskap om og forståing av statistiske analysar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere ein resultat - og løysingsorientert initiativtakar, med god gjennomføringsevne
  • Du må arbeide sjølvstendig, og samstundes ha gode samarbeids - og kommunikasjonsevner
  • Du må vere motivert for å lære statistikk og bruk av SPSS, og andre aktuelle program til data management og analysar av data
  • Du må ha vilje til å lære

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med overeinskomst
  • Høgt fagleg nivå

MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webcruiter-ID: 4511454316

Søk på stillingen

Kontaktinformasjon:

Powered by Labrador CMS