Ledig stilling på Universitetet i Oslo
Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Seksjonssjef for Forskingsseksjonen - Det humanistiske fakultet
Søknadsfrist: 05.09.2021
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.
Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og ein fakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).
Om stillinga
Ei fast stilling som seksjonssjef (SKO 1211) for Seksjon for forsking er ledig ved Det humanistiske fakultet.
UiO er eit forskingsintensivt breiddeuniversitet. HF er det største og beste humanistiske fakultet i Noreg og hevdar seg godt internasjonalt. Forskarane våre gjer det godt i konkurranse om forskingsmiddel og vi tiltrekker oss søkarar på internasjonalt nivå til vitskapelege stillingar. Vi har òg Noregs største humanistiske doktorgradsprogram.
Fakultetet speler ei svært viktig rolle for utviklinga av humanistisk forsking i Noreg, og ønsker å vere ein forskingspolitisk premissleverandør på det humanistiske feltet.
På UiO ønsker vi å legge til rette for eit godt forskingsmiljø i tråd med god internasjonal vitskapeleg praksis. Ein prioritert strategisk ambisjon for Det humanistiske fakultet er å ha større suksess når det gjeld utlysingar som går på å løyse dei store samfunnsutfordringane, ikkje minst når det kjem til tematiske prosjekt frå Norges Forskningsråd og EU. Seksjonssjefen skal bidra til at HF kan ta denne rollen og nå desse måla.
Forskingsseksjonen har òg ansvar for fakultetet sitt forskarutdanningsprogram, og justeringar av dette for å auke kvaliteten på programmet.
Meir om stillinga
Stillinga vil ha både strategiske og operative oppgåver, og du må trivst i begge rollane. Seksjonssjefen arbeider tett med forskingsdekanen og rapporterer til fakultetsdirektøren.
Fakultetsadministrasjonen har seks seksjonar med til saman ca. 80 medarbeidarar. Fakultetet yter fellestenester til institutta innanfor verksemdsområda IT, personal/HR, kommunikasjon og økonomi. Studie- og forskingsadministrasjon er delt mellom fakultets- og instituttnivå.
Forskingsseksjonen har fem medarbeidarar i tillegg til seksjonssjef. Les meir om fakultetet på www.hf.uio.no.
Forskingsseksjonen sitt arbeidsfelt er forskarutdanning, forskingsetikk og GDPR, impact og innovasjon, koordinering av Cristin-registrering, EU-prosjekt og koordinering av større søknadsprosessar som SFF og HFs faglege prioriteringar. I tillegg støtter seksjonen forskingsdekanen i forskingspolitiske prosessar nasjonalt og internasjonalt. Seksjonen har ansvar for fleire faglege og administrative nettverk. I tillegg bidrar seksjonen inn i utgreiingar og analyser for fakultetet . Til seksjonen ligg det òg ein sekretariatsfunksjon for fakultetet si leiing.
Det forskingspolitiske og forskingsadministrative feltet er i stadig utvikling og endring. Dette skjer samtidig som at behovet for å jobbe meir på tvers av dei administrative verksemdsområda aukar. Det er venta at seksjonssjefen er ein proaktiv pådrivar og bidragsytar inn i dette arbeidet.
Viktige arbeidsoppgåver i stillinga
Seksjonssjefen skal skal
- leie og utvikle arbeidet i seksjonen og seksjonen sine oppgåver og tenester,
- ha ansvar for kvalitet, ressurskoordinering og framdrift,
- ivareta personalleiing og oppfølging av medarbeidarar,
- vere ein strategisk rådgivar for fakultetsleiinga på forskingsfeltet,
- legge til rette for samarbeid med andre seksjonar, institutt og fakultet,
- delta i relevante fagfora, internt og eksternt.
Det kan òg bli lagt andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning på mastergradnivå. Doktorgrad og erfaring frå eigen forsking kan vere ein fordel. Realkompetanse med relevans for dei konkrete oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
- Relevant leiarerfaring, inkludert personalleiing og administrative leiaroppgåver.
- Brei erfaring frå forskingsadministrasjon i sektoren, inkludert erfaring frå strategisk arbeid, god kjennskap til forskingspolitikk og finansieringskjelder.
- Erfaring frå koordinering av administrative prosjekt vil være ein fordel.
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner på norsk og engelsk er nødvendig.
Personlege eigenskapar
Vi søker ein person som liker å arbeide som lagspelar i ein kompleks kunnskapsorganisasjon. Du har evne til å jobbe systematisk, er resultat- og løysingsorientert og har god gjennomføringsevne. Du er ein tydeleg og motiverande leiar som er trygg i rolla. Du må ha god rolle- og organisasjonsforståing og like å handtere kombinasjonen av drift og forvalting med strategisk arbeid. I tillegg har du òg gode relasjons-, kommunikasjons- og samarbeidsevner.
I totalvurderinga vil vi legge spesiell vekt på dei personlege eigenskapane som gjer søkaren skikka til stillinga.
Vi tilbyr
- løn frå 702 100 til 896 500 per år, avhengig av kompetanse for stilling som seksjonssjef
- eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
- god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar og høve til trening i arbeidstida
Søknaden skal innehalde
Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysingar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista.
Vi viser òg til regelverk for teknisk-administrativt tilsette.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting. Vidare ønsker vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Kontaktinformasjon
For spørsmål om stillinga:
For spørsmål om korleis søke: Personalrådgivar Julie Tøllefsen.
Søk på stillingen