SPENNENDE JOBBMULIGHET VED Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap!

Høgskulelektor i energi og miljø

Søknadsfrist: 21.06.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.

Institutt for bygg, miljø- og naturvitenskap held til ved HVL sine campusar i Bergen og Sogndal og driv forsking og utdanning innanfor bygg- og anleggsfag, areal og landmåling, energiomstilling, klimaendringar og klimatilpassing, byplanlegging, og naturvitskap. Instituttet har om lag 100 tilsette frå 20 nasjonar og 900 studentar

Høgskulen på Vestlandet har ledig ei fast stilling som høgskulelektor innan energi og miljø ved Fakultet for teknologi, miljø og samfunnsvitskap, campus Sogndal

Høgskulen på Vestlandet har ledig fast stilling i 100 % som høgskulelektor i energi og miljø, ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, campus Sogndal. 

Den som vert tilsett i stillinga bør ha kompetanse som sivilingeniør eller master i energi og miljø. Vidare må ein kunne vise til erfaring frå undervising og rettleiing frå universitet og/eller høgskule, og relevant erfaring frå næringslivet.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåver knytt til stillinga er i hovudsak undervising og rettleiing i emne innan energiomstilling, energi- teknologi, klimaomstilling og klimatilpassing. 

Instituttet har eit mangfaldig fagmiljø med høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking og det er moglegheiter for å delta i forsking- og utviklingsprosjekt innan fagområdet for stillinga. 

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Formell utdanning og kompetanse:

  • mastergrad/sivilingeniør innan energi og miljø
  • undervisningserfaring frå høgskule og/eller universitet
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga*

Undervisningsspråket ved HVL er i hovudsak norsk og det er difor ein føresetnad at den som blir tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Det vert også krevd gode engelskkunnskapar.

Ønska kvalifikasjonar:

  • kompetanse innan varme- og energiprosessar i bygg
  • kompetanse innan flaum- og overvassproblematikk frå utdanning og/eller arbeidserfaring
  • arbeidserfaring frå bygg- og/eller energisektoren
  • gode ferdigheiter i matematikk, programmering og modellering

Personlege eigenskapar:

  • gode samarbeidsevner på tvers av fagdisiplar
  • evne til sjølvstendig arbeid

*Utdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte grader frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør derfor sende søknad om godkjenning så raskt som mogleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bedt om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stillinga.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane. 

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Instituttleiar Tarald Seldal tlf: +47 57 67 62 40 e-post: tarald.seldal@hvl.no

2) Kristin Myhra Sæterdal tlf: +47 995 34 153 e-post: kristin.myhra.seterdal@hvl.no

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS