Assisterande fakultetsdirektør ved Fakultet for kunst, musikk og design
Søknadsfrist: 11.08.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Underdirektør
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei spennande og utfordrande leiarstilling ved universitetet. Ved Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig fast stilling (100%) som assisterande fakultetsdirektør, med oppstart 01.10.2024.
Om fakultetet
Fakultet for kunst, musikk og design tilbyr utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå fundert på høgt anerkjent kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking. KMD utdannar framtidas kunstnarar, designarar, kuratorar, utøvande musikarar, komponistar, musikkterapeutar, musikkvitarar og pedagogar.
Fakultet for kunst, musikk og design rommar både kunstnarleg utviklingsarbeid og vitskapleg forsking. Kunstnarleg utviklingsarbeid utgjer den største delen, men KMD har òg ein betydeleg del av vitskapleg forsking innan musikkterapi, musikkvitskap og musikkpedagogikk. Fakultetet legg til rette både for spesialisering og for samarbeid mellom ulike fagfelt og forskingstradisjonar, samt for ulike former for offentleggjering og dokumentasjon.
Fakultetet har rundt 700 studentar og 190 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i tre institutt (kunst, musikk og design) med felles administrasjon. Institutta har både vitskaplege og kunstnariske stipendiatar. Fagmiljøa innan kunst og design er samlokalisert i eit nytt bygg, spesialteikna for verksemda av Snøhetta. UiB arbeider for å etablera eit eige bygg for Griegakademiet - Institutt for musikk på nabotomta i Møllendal. For meir informasjon om fakultetet, sjå nettsidene våre.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inngår i fakultetsleiinga og i den administrative leiargruppa ved fakultetet. Den administrative leiargruppa har ansvar for den administrative verksemda ved fakultetet. Leiinga blir utført i team, og den som blir tilsett vil få høve til å vidareutvikle teamet og si eiga rolle som leiar. Stillinga stiller også store krav til sjølvstende i utøving av leiarfunksjonen.
Arbeidsoppgåver:
Fast stedfortreder for fakultetsdirektøren
Særleg ansvar for å yte støtte til instituttleiarane ved fakultetet
Leiar for seksjon for støtte til utdanning, formidling og forsking
Følgje opp planar, strategi og måloppnåing for fakultetet i samarbeid med fakultetsdirektør
Delegert ansvar for personal- og kompetanseoppfølging for verkstadseksjonen i samarbeid med seksjonsleiar
Delegert ansvar for HMS-planlegging og oppfølging
Utgreiingsoppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkar må ha:
Høgare utdanning på masternivå
Relevant leiarerfaring
God kjennskap til offentleg forvalting
God økonomiforståing
God administrativ IKT-kompetanse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
God kjennskap til og forståing for organisasjonen
Det er ønskjeleg med kjennskap til universitets- og høgskulesystemet.Det vil vere ein føremon med kjennskap til eit eller fleire av fakultetets fagområde.
Personlege eigenskaparVi søkjer ein person som har:
Gode leiar- og samarbeidseigenskapar med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
Evne til å arbeida sjølvstendig og målretta
Evne til å ta initiativ og tenke strategisk
Røynsle med utgreiingsarbeid
Evne til å leie og motivere medarbeidarar og vere utviklingsorientert
Vi tilbyr:
Interessante og utviklande oppgåver
Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
Støtte til leiarfunksjonen gjennom samarbeid i team, nettverk, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
Løn etter kode 1059 Underdirektør, lønstrinn 84 - 88 (for tida kr 966 300 - kr 1 078 600) i Statens lønsregulativ. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, tlf. 951 98 327, e-post: eli.hoie@uib.no
For HR-relaterte eller tekniske spørsmål om søknadsprosessen, kontakt hrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.