Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Assisterande fakultetsdirektør (underdirektør) - Det matematisk - naturvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 06.10.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Assisterande fakultetsdirektør (underdirektør)

Ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er det ledig stilling som assisterande fakultetsdirektør (underdirektør).

Som assisterande fakultetsdirektør vil du jobbe tett på forsking, utdanning og innovasjon i eit mangfaldig og internasjonalt miljø. Fakultetet har om lag 1000 tilsette, 3000 studentar og eit budsjett på om lag 1,3 milliardar kroner. Forsking og undervising skjer på institutt og i sentre. Fakultetet har på vegne av UiB ansvar for to av UiB sine strategiske satsingsområde; Marin og Klima og energiomstilling. Du finn meir informasjon om fakultetet her.

Assisterande fakultetsdirektør rapporterer til fakultetsdirektøren som leiar fakultetsadministrasjonen. Fakultetsadministrasjonen tel om lag 55 medarbeidarar organisert i fire seksjonar. Stillinga inngår i fakultetsleiinga og i den administrative leiargruppa ved fakultetet.

Omfattande avgjerds- og ansvarsmynde er delegert til fakultetet, både innan økonomi- og personalforvaltning, så vel som innan studie- og forskingsadministrasjon. Fakultetsadministrasjonen førebur saker for fakultetsstyret i samråd med den faglege leiinga og har saman med fagleg leiing ansvar for iverksetjing av vedtak.

Arbeidsoppgåver

Assisterande fakultetsdirektør er fast avløysar for fakultetsdirektør og skal ivareta direktøren sine plikter og ansvar ved behov. Stillinga har og nestleiarfunksjon for fakultetsadministrasjonen, med koordinering, oppfølging og utvikling av administrasjonen ved fakultetet.

Assisterande fakultetsdirektør vil vidare ha fleire ansvarsområde:

  • Leiar for seksjon for kommunikasjon og stab, som har også ansvar for arealoppfølging og støtte til satsingsområda.
  • Prosjektleiing, rådgjeving, evalueringsarbeid, utgreiings- og utviklingsoppgåver.
  • Følgje opp planar, strategi, måloppnåing og heilskapleg internkontroll for fakultetet i samarbeid med fakultetsdirektør.
  • Bidra til å effektivisere og forbetre prosedyrar og arbeidsprosessar, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar.
  • Likestillingsarbeid
  • Avtale- og kontraktsinngåing og -oppfølging

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha

  • høgare utdanning på masternivå med relevante fag i fagkrinsen
  • relevant leiarerfaring, med dokumentert gode resultat
  • erfaring med omstillings- og organisasjonsutviklingsarbeid og utgreiingsoppgåver på høgt nivå
  • god innsikt i universitets- og høgskulesektoren og god kjennskap til, og forståing for, organisasjonen
  • evne til å vere utviklingsorientert og strategisk
  • evne til å leie og motivere medarbeidarar, vere initiativrik og engasjert
  • gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • stor arbeidskapasitet og kunne arbeide systematisk
  • kunnskap om relevante lov- og avtaleverk
  • gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål) og engelsk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagde.

Vi tilbyr

  • ei interessant stilling som leiar av ein kompetent administrasjon og med brei kontakt med eit internasjonalt fagmiljø
  • handlingsrom til å vidareutvikle administrative funksjonar
  • tilbod om fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanse- og leiarutvikling
  • løn som underdirektør (kode 1059) i lønssteg 80 – 85 (for tida utgjer dette kr. 813 400 - 934 800) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse, med tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fakultetsdirektør ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, Elisabeth Müller Lysebo, tlf. 97557135 eller e-post: Elisabeth.Lysebo@uib.no

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida. Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Det gjennomførast forsøk med anonyme søknadar i staten. Anonymiseringa av søknadar skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av aktuelle kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket vil bli evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysningar om tilsetjingsprosessen, og det blir utarbeida ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysningar om enkeltpersonar vil ikkje bli utlevert til andre i samband med forsøket og evalueringa, men reglene om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS