LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Assisterande fakultetsdirektør - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 10.12.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Assisterande fakultetsdirektør (underdirektør)

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei spennande og utfordrande leiarstilling ved universitetet. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det ledig fast stilling som assisterande fakultetsdirektør. 

Stillinga inngår i fakultetsleiinga og i den administrative leiargruppa ved fakultetet. Assisterande fakultetsdirektør vil også være leiar for økonomiseksjonen som har 15 tilsette.

Det samfunnsvitskaplege fakultet har primæroppgåver knytt til forsking, utdanning og formidling. Dei administrative støttefunksjonane skal bidra til å nå fakultetet sine mål på desse områda. Fakultetsadministrasjonen har sekretariatsfunksjon for fakultetsstyret og førebur, i samråd med den faglege leiinga, saker for styret. Omfattande ansvarsmynde er delegert til fakulteta, både økonomi- og personalforvalting, så vel som studie- og forskingsadministrasjon. Dette inneber at den administrative leiinga vil vere resultatansvarleg innanfor desse saksfelta, og har ansvar for å følgje opp arbeidsgjevarpliktene for dei tilsette i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.

Det samfunnsvitskaplege fakultet har om lag 400 tilsette fordelt på sju institutt. Fakultetet har i alt 70 administrative medarbeidarar. Vi tilbyr forskingsbasert utdanning til om lag 4000 studentar innan følgjande disiplinar: Administrasjon og organisasjonsvitskap, geografi, informasjonsvitskap, medievitskap, samanliknande politikk, samfunnsøkonomi, sosialantropologi og sosiologi. I tillegg tilbyr vi tilrettelagte tematiske grunnutdanningar som spenner over fleire fagområde ved vårt eige og andre fakultet. Studietilboda er attraktive og har mange søkjarar.

Fagmiljøa ved Det samfunnsvitskaplege fakultet driv omfattande forskings- og formidlingsaktivitet på samfunnsfaglege felt. Fakultetet har eit budsjett på om lag 500 millionar kroner, av det er om lag 130 millionar kroner finansiert over eksterne kjelder.

Arbeidsoppgåver:

  • Fast stedfortreder for fakultetsdirektøren
  • Leiar for seksjon for økonomi og forskingsadministrasjon
  • Leiaransvar for økonomistyring og økonomiforvalting
  • Leiaransvar for forskingsadministrasjonen, med særskilt fokus på eksternfinansiering
  • Bidra til å vidareutvikle administrasjonen
  • Utgreiingsoppgaver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgare utdanning på masternivå
  • God økonomiforståing
  • Leiarerfaring
  • Erfaring frå økonomistyring og økonomiforvalting
  • Det er ein føremon med erfaring med eksternt finansierte prosjekt
  • Erfaring frå utgreiingsoppgåver på høgt nivå
  • God kjennskap til offentleg forvalting
  • Gode leiar- og samarbeidseigenskapar med vekt på kommunikasjon og resultatansvar
  • Det er ønskjeleg med kjennskap til universitets- og høgskulesystemet
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi tilbyr:

  • Interessante og utviklande oppgåver
  • Gode samarbeidsrelasjonar, inkluderande arbeidsmiljø og eit spanande fagmiljø
  • Støtte til leiarfunksjonen gjennom samarbeid i team, nettverk, tilbod om kompetanseutvikling og leiarutvikling
  • Løn etter kode 1059, kr. 900 000 – 980 000 i Statens lønsregulativ. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga. 

Søknad, CV, vitnemål og attestar skal sendast elektronisk via link på denne sida: «SØK på JOBBEN» til Universitetet i Bergen.

Søknadsfrist: 10. desember

Søknaden skal merkast: 2023/16003

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK på JOBBEN

Powered by Labrador CMS