LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Avdelingsleiar - Avdeling for HR

Søknadsfrist: 07.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 18 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionane og studentane. Gjennom utdanning, forsking og formidling aukar vi kunnskapsallmenningen. Vi har stor innverknad på samfunnet kring oss, og vi har høge ambisjonar. Vi bygger det nye universitetet!


Høgskulen på Vestlandet skal vere ein attraktiv arbeidsgivar, med gode rammer for medarbeidarutvikling, eit stimulerande fagmiljø og eit trygt arbeidsmiljø. Leiarar og tilsette i HR-avdelinga yter viktige bidrag til å realisere desse ambisjonane.


Vi ønskjer å trekke til oss, behalde og utvikle kompetente medarbeidarar, som kan vere med å realisere våre ambisjonar. Vi skal jobbe systematisk og heilskapleg med medarbeidar- og organisasjonsutvikling, og vår arbeidsgivarpolitikk skal vere offensiv.

Høgskulen skal ta i vare tilsette sitt høve til å medverke i utviklinga av eigen arbeidssituasjon, og vidareutvikle gode samarbeidsrelasjonar med våre tillitsvalde.

Avdelingsleiar for Avdeling for HR (fast stilling)

Høgskulen søkjer no etter deg som kan leie vidareutviklinga av HR-området i HVL.

Avdelinga for HR er organisert i fellesadministrasjonen, har ca. 40 tilsette som er fordelt på alle våre fem campus. Avdelinga ligg i linje til Organisasjonsdirektør, og har ansvaret for rekrutterings-/tilsettingsprosessar, lønsfunksjonen, HMS og arbeidsgivarpolitikken i HVL. Avdelinga har vidare ansvar for leiarstøtte på personalfeltet, samt rammene for medarbeidar- og arbeidsmiljøutvikling i HVL.

I tillegg til avdelingsleiar har HR-avdelinga ein nestleiar, med særskilt ansvar for fagområdet tilsetterekruttering og løn, inkludert personalansvar for tilsette på området. Avdelinga har tre fag-ansvarlege for høvesvis a) Rekruttering b) Løn c) Kompetanseutvikling og HMS.

HVL er på god veg til å bli eit nytt universitet. Ein aktiv og drivande HR-leiar har ei viktig rolle i realiseringa av denne ambisjonen. Er du vår neste leiar for HR-avdelinga?

Vår nye avdelingsleiar HR er ein utviklingsorientert, tydeleg og engasjert leiar, med kjennskap til høgare utdanning og eit sterkt engasjement for høgskulen sitt samfunnsoppdrag. Vi søkjer ein leiar som har god innsikt i utviklingstrekk ved HR-området i sektoren, og god forståing for høgskulen sin eksterne rammevilkår som drivarar for vår utvikling. Avdelingsleiar har god organisasjonskunnskap, og eit strategisk blikk for å støtte fakultet og avdelingar sine behov for leiar-, medarbeidar- og arbeidsmiljøutvikling.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Avdelingsleiar HR har ansvar for å utvikle dei sentrale HR-prosessane i HVL, inkludert:

  • Bemanningsplanlegging og tilsetterekruttering
  • Medarbeidar- og kompetanseutvikling
  • Løn og prestastjonssystem
  • Arbeidsmiljø og HMS
  • Partssamarbeidet med tillitsvalde
  • HR-teknologistøtte

Avdelingsleiar er vidare tillagt ansvar for sjå til at HVL har ein HR- og kompetansepolitikk som bidreg til at kultur, kapasitet og kompetanse vert opplevd som attraktiv av tilsette og arbeidslivet kring oss. Leiar av HR-avdelinga har eit særskilt ansvar for å bygge ein sterk samarbeidskultur og gode team på HR-området, på tvers av einingar og campus i høgskulen.

Avdelingsleiar vil frametter få ansvar for å utvikle og omstille avdelinga og HR-området, tilpassa nye krav og forventningar, inkludert det digitale skiftet.

Det inneber ansvar for å:

  • Sikre at HR-avdelinga er tett på behova gjennom god brukardialog
  • Styrke HR-avdelinga sitt eigarskap til HVL sin vedtekne kompetansepolitikk
  • Forsterke avdelinga si rolle som strategisk ressurs for tilsetterekruttering, bemanningsplanlegging og medarbeidarutvikling for leiarar i høgskulen
  • Binde saman arbeidet med kompetanse- og leiarutvikling i høgskulen
  • Forsterke koplinga mellom arbeidsmiljø, organisasjonskultur og organisasjonsutvikling i høgskulen
  • Bidra til at HVL utviklar ein sterk og lærande organisasjonskultur
  • Utvikle og tilpasse lønnspolitikken i HVL til gjeldande marknads- og konkurransesituasjon
  • Utvikle HR-system som kan bidra til forenkling og auka strategisk orientering på personalområdet
  • Vidareutvikle gode samarbeidsrelasjonar med tillitsvalde og eit levenda verksemdsdemokrati gjennom AMU og andre relevante organ

Mynde:Avdelingsleiar skal leie avdelinga i samsvar med forventningar til leiarar i staten og HVL sine interne retningsliner.Mynde i avdelingsleiarstillinga er delegert frå Organisasjonsdirektør, avdelingsleiar rapporterer til organisasjonsdirektør og det er lagt personal- og budsjettansvar til stillinga.

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kvalifikasjonskrav:

  • Relevant høgare utdanning, minimum på masternivå
  • Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå leiarstilling
  • Erfaring med å leie endrings- og omstillingsarbeid
  • Innsikt i digitale system på HR-området
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Vi ser etter ein leiar med desse personlege eigenskapane:

  • Gode grunnleggande leiareigenskapar
  • Motiverande og inkluderande leiarframferd, med vekt på samarbeid og medverknad
  • Godt utvikla evner til:
    • strategisk tenking og heilskapleg perspektiv
    • kommunikasjon og samhandling
    • å bygge tillit og skape gode relasjonar, internt og eksternt
  • Gjennomføringskraft
  • Løysingsorientert
  • Utviklingsorientert
  • Resultatorientert

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som avdelingsleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1060 - avdelingsdirektør.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Organisasjonsdirektør Tage BåtsvikTlf 53 49 14 05 / 45 42 69 24, e-post: Tage.Batsvik@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS