Ledig stilling ved Diku

Rådgivar / seniorrådgivar - Seksjon for utdanning og arbeidsliv

Søknadsfrist: 29.03.2020

Diku

Diku skal bidra til å styrke kvaliteten i norsk utdanning. Vi fremjar utvikling og nyskaping, internasjonalt samarbeid og digitale læringsformar. Eigaren vår er Kunnskapsdepartementet, og målguppa er norsk utdanningssektor på alle nivå. Diku har 130 tilsette med hovudkontor i Bergen, samt kontor i Tromsø og Brussel.

Om stillingane

Diku har ledig tre faste 100 % stillingar som rådgivar/seniorrådgivar. To av stillingane er ved Seksjon for utdanning og arbeidsliv og den tredje ved Seksjon for Globalt samarbeid. Kontorstad er Bergen. Tiltreding etter nærmare avtale.

Diku skal bidra til økt kvalitet i norsk høgare utdanning og til styrka internasjonalt samarbeid og utveksling i heile utdanningsløpet. Vi skal nå tilsette fleire gode kandidatar til Diku sine satsingar knytt til arbeidsrelevans i høgre utdanning, styrking av europeisk samarbeid, og utdanningssamarbeid med det globale sør. Stillingane er knytt til arbeid med Erasmus+, nye nasjonale verkemiddel for kopling utdanning og arbeidsliv samt Norpart, Diku sitt partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid. Seksjon for Utdanning og Arbeidsliv har ansvar for tiltak innan Erasmus+ som opnar for samarbeid med arbeidsliv, som t.d. Europeiske universitet og Kunnskapsalliansar.

Arbeidskvardagen vil bestå av ein interessant kombinasjon av administrativt arbeid og utviklingsarbeid. Den tilsette må kunne representera Diku i ulike fora og noko reiseverksemd i inn- og utland må påreknast.

Vi søkjer kandidatar som er analytiske, systematiske, initiativrike og utviklingsretta. Kandidatane må ha gode gjennomførings- og samarbeidsevner, god rolleforståing og være dyktig til å formidle og bygge relasjonar.

Diku sine verdiar er open, kunnskapsdreven og nytenkjande. Vi søkjar deg som ynskjer å fremje desse verdiane. Vi legg særleg vekt på at kandidatane er godt eigna og motivert for stillingane.

Arbeidsoppgåver

  • arbeid med kvalitet og arbeidsrelevans i høgare utdanning
  • vidareutvikling og forvalting av program og ordningar
  • gjennomføring av søknads- og rapporteringsrundar, oppfølging av prosjekt, fagleg rådgjeving og anna programforvaltingsarbeid
  • tett kontakt og samarbeid med sentrale aktørar, i og utanfor Noreg
  • analyse, formidling og resultatspreiing

Krav til kvalifikasjonar for alle stillingane

  • høgare utdanning på masternivå og/eller tilsvarande realkompetanse
  • relevant arbeidserfaring
  • god kjennskap til norsk utdanningssektor
  • særs gode engelsk-/norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • god digital kompetanse
  • god formidlingsevne

Ønska kvalifikasjonar for den eine stillinga ved Seksjon for utdanning og arbeidsliv

  • erfaring frå kvalitetsutvikling i høgare utdanning
  • kjennskap til EU
  • kjennskap til europeisk utdanningssamarbeid
  • erfaring fra arbeid med å koordinere og tilrettelegge for praksis og andre tiltak for økt arbeidsrelevans i høyere utdanning

Ønska kvalifikasjonar for den andre stillinga ved Seksjon for utdanning og arbeidsliv

  • erfaring frå kvalitetsutvikling i høgare utdanning
  • erfaring med å leggje til rette for praksis og andre tiltak for økt arbeidsrelevans i høgre utdanning
  • erfaring frå profesjonsutdanning
  • kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid

Ønska kvalifikasjonar for stillinga ved Seksjon for globalt samarbeid

  • kjennskap til internasjonalt utdanningssamarbeid, særskilt med land i det globale sør
  • land- og språkkompetanse knytt til samarbeidsland i det globale sør
  • kjennskap til kvalitetsutvikling i høgare utdanning

Ønska kvalifikasjonar for alle stillingane

  • erfaring frå prosjektleiing
  • erfaring frå analysearbeid
  • erfaring frå offentleg forvalting

Vi tilbyr

Vi tilbyr eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø, med høve til opplæring og fagleg utvikling. Vi nyttar fleksibel arbeidstidsordning og har gode pensjons- og låneordningar frå Statens pensjonskasse. I tillegg er det høve til trening i arbeidstida.

Generell informasjon om stillingane

Diku er IA-verksemd. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillingane. Innhaldet i stillingane kan verte endra som følgje av omstillingar i Diku.

Stillingane vert løna som rådgivar (kode 1434) eller seniorrådgivar (kode 1364) innanfor lønsspenn kr 532 300 – kr 667 200, etter kvalifikasjonar. Trekk til pensjonstilskot i Statens pensjonskasse er på 2 %.

Arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet og utnytte potensialet i folkesetnaden si samla kompetanse. Vi oppmodar difor kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ei samanhengande yrkeskarriere, til å søkje jobb hos oss.

Dersom søkjar vil reservere seg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjar kan gjerast offentleg sjølv om søkjar har bede om konfidensiell behandling. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert imøtekome, jf. offentleglova § 25.

Søknad og komplett CV med oversyn over utdanning og tidlegare praksis, vedlagt skanna vitnemål og attestar skal leggast inn via lenke på denne sida (Jobbnorge).

Kontaktpersonar

Spørsmål om stillingane kan rettast til:

  • Seksjonsleiar Else Katrine Nesmoen på tlf. 911 27 010

Vidare kan ein vende seg til Grethe Isdahl på tlf. 416 39 559, for generelle spørsmål om stillingane.

Søk på stillingen