Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane. Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL sin visjon er "Kunnskap som byggjer menneske og samfunn". Strategiske ambisjonar og mål har særleg merksemd på berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon, forankra i våre verdiar - inkludere, utfordre og samhandle - som kjenneteiknar identiteten og kulturen hos oss.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Høgskulen på Vestlandet har ledig åremål som prodekan for utdanning ved Fakultet for helse- og sosialvitskap
Prodekan for utdanning vert tilsett i åremål for 4 år. Stillinga er ledig frå 01.08.2025. Prodekan er for tida ikkje tillagt personalansvar, men dette kan bli endra og delegert frå dekan. Prodekan for utdanning inngår i fakultetet si leiargruppe, og har mynde delegert frå dekan. Stillinga rapporterer til dekan.
Prodekanen kan ha hovudarbeidstad i Bergen, Stord, Haugesund, Sogndal eller Førde. Det må påreknast ein del reiseverksemd
Ansvars- og arbeidsområde:
Gje råd til dekan og instituttleiarar om strategiske val for utvikling av studieporteføljen ved fakultetet
Leie studiekvalitetsarbeidet ved fakultetet og fakultetet sitt utdanningsutval
Bidra i arbeidet med realisering av høgskulen sin strategi med særleg fokus på utdanningsfeltet
Tett samarbeid med instituttleiarane og studieadministrativ leiar om forslag til kvalitetsfremjande tiltak for å betre undervisning og læringsmiljøet ved fakultetet
Overordna ansvar for fakultetet sine simulerings- og læringsarenaer (SimArena) på fem campus
Følgje opp tiltak i høve til pedagogisk kvalitet og fornying
Vurdere behov for strategiske val knytt til fakultetet sine studietilbod
Samarbeide med andre fakultet ved HVL, men også ved andre institusjonar nasjonalt og internasjonalt, med tanke på utvikling og drift av nye studietilbod, og i arbeid med utdanningskvalitet
Bidra til evaluering av undervisning
Bidra til utvikling av digital kompetanse relatert til fleksible læringsformer
Andre oppgåver pålagt/gitt av dekan
Kvalifikasjonar:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapeleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Kunne vise til relevant erfaring med undervising og kvalitetsarbeid i høgare utdanning
Dokumentert kompetanse og erfaring innan fakultetet sine fagområde
Leiarerfaring og dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling blir vektlagt
Generelle kompetansekrav:
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag og for verdien av samhandling med omgjevnadane lokalt, regionalt og internasjonalt
Erfaring frå, og kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Gjennomføringsevne og resultatorientering
Løysings- og utviklingsorientering
Stor arbeidskapasitet
Må kunne handtere komplekse utfordringar
Erfaring med endringsarbeid er ein føremon
Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga er større enn 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som prodekan er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1474.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.