Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket er det ledig ei fast 100% stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199). Arbeidsområda er knytt til livsvitskap, særleg medisin og helsefag. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, Bibliotek for medisin. Du vil være del av ulike faglege team, i eit inkluderande, aktivt og spanande arbeidsfellesskap.
Arbeidsoppgåver:
Gi undervisning innan bl. a. litteratursøk, kjeldebruk og referansehandteringsverktøy.
Gi individuell rettleiing til studentar, forskarar, klinikarar, hovudsakeleg i litteratursøk og referansehandtering.
Gi forskingsstøtte i form av rettleiing og utføring av systematiske litteratursøk, støtte i andre arbeidsprosessar med kunnskapsoppsummeringar og forskingsdatahandtering.
Være ein pådrivar i samarbeidet med fagmiljøa for å vidareutvikla bibliotekets tenester.
Utvikle dei trykte og elektroniske samlingane.
Delta i verksemda elles. Den som blir tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
Mastergrad med relevante fagområde innan livsvitskap, for eksempel medisin- og helsefag, biologi, farmasi eller kjemi. Medisin- og helsefag er ein føremon. Mastergrad i bibliotek- og informasjonsvitskap kan også bli vurdert.
Erfaring innan systematiske litteratursøk og kunnskapsoppsummeringar vert vektlagt.
Pedagogiske evner og erfaring med undervisning, rettleiing og formidling vert vektlagt.
Kunnskap om medisinske litteraturdatabasar, referansehandteringsverktøy og digitale dugleikar er ein føremon.
Erfaring med forskingsmetodar vert vektlagt.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, samt engelsk. Det vert lagt til grunn at søknaden skrivast på norsk/skandinavisk.
Personlege eigenskapar:
Brukarorientert haldning.
Nøyaktig, strukturert, systematisk, service- og resultatorientert.
Interesse til å holde seg oppdatert, og å sette seg inn i nye ting.
Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Universitetsbiblioteket er i stadig utvikling og stillingas arbeidsoppgåver og/eller ansvarsområde vil kunne endre seg over tid. Dette stiller krav til omstilling og den som tilsettast må være tilpassingsdyktig.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
Løn som universitetsbibliotekar (kode 1199) kr. 584 500 til kr. 615 700 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200), løn kr. 708 000 til kr. 732 300 avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Fleksibel arbeidstid.
Moglegheit til å søke om avtale om heimearbeid.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Moglegheit til å søke om forskings- og utviklingsarbeid som del av stillinga.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.