LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Fagleg leiar - Billedsamlingen

Søknadsfrist: 16.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse.

Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen.

UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga

Ved Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som fagleg leiar for Billedsamlingen (Universitetetsbibliotekar, kode 1199).

Stillinga er for tida knytt til Seksjon for Spesialsamlingar. Seksjonen forvaltar og formidlar kulturhistorisk viktige samlingar som fotografi, antikvariske bøker, manuskript- og arkiv, avissamlingar og kart. Ei av samlingane står på UNESCOs Memory of the World liste, fleire andre er del av Norges dokumentarv.

Universitetsbibliotekets Seksjon for spesialsamlingar, Billedsamlingen, er ein av Noregs eldste biletarkiv. Arkivet inneheld mellom anna Knud Knudsen-samlinga som er på lista til Noregs dokumentarv og Sophus Tromholt-samlinga som høyrer til den internasjonale UNESCOs dokumentarv-lista. Billedsamlingen formidlar bilete til bruk for studentar og tilsette, men har også ei stor brukargruppe utanfor universitetet, som media, forlag og byens befolkning.

Arbeidsoppgåver og ansvar tillagt stillinga:

  • Ansvar for dagleg drift av samlingane: Forvaltning, katalog-, konserverings- og sikringsarbeid.
  • Kartlegge, planlegge og organisere innsamling av fysiske og digitale fotografiske samlingar ved eller utanfor UiB.
  • Ansvar for å undervise og rettleie i bruk av samlingane.
  • Ansvar for å formidle Billedsamlingen i faglege arenaer, sosiale media og i pressa. Her under også kuratering av digitale og fysiske utstillingar.
  • Bidra i ulike utviklings- og utredningsoppgåver på Universitetsbiblioteket og ved Seksjon for Spesialsamlingar.
  • Delta i prosjekter og samarbeid på tvers lokalt ved UiB og nasjonalt.
  • Delta i løpande driftsoppgåver elles, til dømes planarbeid, revisjonar, publikumskontakt.
  • Bidra til brukarmedverking i utvikling av tenestene.
  • Inngå i leiargruppa i seksjonen.
  • Fremme eit sterkt fagleg og sosialt miljø.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må:

  • Ha universitetseksamen av høgare grad med hovudfag/mastergrad, helst med relevante fag som kunsthistorie, fotohistorie eller fotografi i fagkrinsen. Brei erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Ha erfaring frå arbeids- eller prosjektleiing.
  • Ha erfaring med publisering og munnleg formidling, både i vitskaplege og populærvitskaplege kanalar.
  • Ha relevant erfaring frå bibliotek-, arkiv-, eller museumssektoren, helst frå fotoarkiv (med fotorelevante samlingar).
  • Ha dokumentert/demonstrerbar skriftleg og munnleg formidlingsevne (erfaring frå digitale kanalar er ein føremon).
  • Ha god evne til å planlegge, høg arbeidskapasitet og høg grad av gjennomføringsevne.
  • Ha god evne til å lytte og motivere medarbeidarar.
  • Være strukturert, fleksibel, service- og resultatorientert.
  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Ha god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk.

Søkjar bør:

  • Ha kunnskap om fotohistorie.
  • Ha eit breitt fagleg nettverk innanfor sentrale fotomiljø og akademia.
  • Ha kjennskap til digitale registreringsverktøy (for eksempel Asta, Primus eller Alma).

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som universitetsbibliotekar etter lønssteg 59-68 (kode 1199/LR 25, alternativ 7-10) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 526 000 – kr. 618 600. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24, alternativ 8) løn etter lønssteg 68 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 68-72, for tida kr. 618 600 – kr. 670 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til:

  • Seksjonsleiar Bjørn-Arvid Bagge tlf. 98853148 / 55582572, e-post bjorn.bagge@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS