LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Spesialbibliotekar innanfor utøvande kunstfag - musikk

Søknadsfrist: 23.05.2021

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 1.900 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha en innovativ og internasjonal profil og vera ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.


I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har et dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.

Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfta blikket, og våga å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som spesialbibliotekar innanfor utøvande kunstfag ved Universitetsbiblioteket, Avdeling for forskings- og studiestøtte. Stillinga er ledig for snarast mogleg tilsetting.

Stillinga er lokalisert til spesialbiblioteket for musikk og dans i Bjergsted, i eit inspirerande musikkmiljø med nærleik til brukarane.

Spesialbibliotekar vil vere del av eit team med andre ressurspersonar, i eit inkluderande, aktivt og spennande arbeidsfellesskap.

Hovudoppgåver

  • vere kontaktbibliotekar i musikk for studentar og tilsette ved Fakultet for utøvande kunstfag
  • undervise og rettleie studentar og forskarar i biblioteket sine digitale ressursar
  • kjøpe inn relevant materiale - noter, bøker, tidsskrift, databasar med meir
  • innkjøp/innleie av noter til orkesterprosjekt
  • klassifikasjon og katalogisering
  • forstå behova til brukarane og ta hand om/utvikle relevante tenester
  • publikumsarbeid i biblioteket i Bjergsted
  • kontroll av pensumliste innan utøvande kunstfag
  • ta del i utviklingsprosjekt

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • utdanning på minimum bachelornivå innanfor bibliotek- og informasjonsvitskap eller annan relevant utdanning, gjerne innanfor musikk
  • har kunnskap om klassisk musikk
  • relevant erfaring
  • erfaring med bruk av aktuelle IT verktøy
  • god evne til å uttrykke seg munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du:

  • har erfaring innanfor musikkbibliotek
  • har erfaring med bruk av biblioteksystemet Alma og med katalogisering
  • er engasjert og interessert i fagfeltet
  • er fleksibel, serviceinnstilt og imøtekommande
  • har gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • er sjølvstendig, allsidig og kan ta initiativ
  • er proaktiv, resultatorientert og tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar

Vi tilbyr

  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljø
  • lønn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.205, kode 1515, kr 482.200- 575.600 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare lønn bli vurdert. Frå lønna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil om nødvendig bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR konsulent Kaja Lillelien, tlf 51 83 13 10, e-post: [email protected]

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning, arbeidserfaring og språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg til søknaden. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjon som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer òg merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ditt ønskje ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS