Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetsbibliotekar for open vitskap og matematisk- og naturvitskaplege fag

Søknadsfrist: 02.07.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om Universitetsbiblioteket her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som universitetsbibliotekar (kode 1199). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte.

Arbeidsoppgåver:

Til stillinga vert det lagt ansvar for vidareutvikling og drift av tenesta for open vitskap, i første hand opne forskingsdata og akademisk publisering. Arbeidsoppgåver vil f.eks. bestå i klargjering av datasett og vitskapelege publikasjonar for tilgjengeleggjering i UiB Open Research Data, BORA og andre forskingsarkiv. Du vil arbeide med å handtere metadata, indeksere innhald, rettighetsklarere og utarbeide analyser og visualiseringar, og gi støtte til datahandteringsplanar i forbindelse med forskaranes prosjektsøknader.

Du vil også arbeide med utadretta verksemd i form av rettleiing og undervisning om forskingsdata og andre deler av feltet open vitskap. Den som blir tilsett vil delta i prosjektarbeid og formidlingsaktivitetar, og drive forsking og utviklingsarbeid knytt til bibliotekets funksjoner.

Du vil få ansvar for UBs brukarkontakt, rettleiing og undervisning i bruk av bibliotekets ressursar og andre emnar knytt til informasjonskompetanse overfor utvalde fag. Arbeid med studielitteratur og samlingsutvikling er også ein del av oppgåvene.

Du må være innstilt på å bidra til UBs undervisnings- og opplæringsportefølje, på både norsk/skandinavisk og engelsk.

Rolla som universitetsbibliotekar er under stadig utvikling, og arbeidsoppgåvene kan endrast over tid. Jobben har stor fleksibilitet og oppmuntrar til initiativ og innspel frå den enkelte.

Betjening av UBs skranketeneste må også påreknas. Dette gjelder også deltaking i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minst mastergrad med fagområde innan matematisk-naturvitskaplege fag, fortrinnsvis innan matematikk eller informatikk.
  • Erfaring med digitale verktøy i forsking og publisering vert vektlagt.
  • Erfaring med å handtere forskingsdata, metadata og rettighetsklarering vert vektlagt.
  • Kjennskap til prinsippa for open vitskap og publisering vert vektlagt.
  • Pedagogisk utdanning, samt erfaring med undervisning, rettleiing og formidling er ein fordel.
  • Kjennskap til forskingsprosessen og forskingsmetodar vert vektlagt.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.
  • Sjølvstendig, fleksibel og initiativrik.
  • Service- og resultatorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som universitetsbibliotekar etter lønssteg 52-67 (kode 1199/LR 25, alternativ 6-9) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 464 000 – 605 500. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200/LR 24, alternativ 8), løn etter lønssteg 64 ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga (lønssteg 64-72, for tida kr. 573 100 – 667 200). For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS