LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Hovudbibliotekar / fagleg leiar i Seksjon for bibliotektjenester
Søknadsfrist: 22.05.2022

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig fast 100% stilling som fagleg leiar/hovudbibliotekar (kode 1077). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for matematisk-naturvitskaplege fag.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsleiing med ansvar for dagleg drift og utvikling av tenester som gir ein auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB sin kjerneverksemd
- Utvikling og profilering av biblioteket som ein formidlingsarena
- Utvikling av det fysiske læringsmiljøet med vekt på brukarperspektivet
- Vere pådrivar i digitaliseringsprosessar, effektivisering og fornying av arbeidsprosessar
- Delta i andre oppgåver knytt til dokumentlevering, kurs og rettleiing, samt i førstelinetenesta fysisk og digitalt
Den som vert tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar:
- Bibliotekfagleg utdanning på bachelor- eller masternivå, og/eller spesialkompetanse retta mot dei oppgåvene stillinga skal dekke. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- Relevant leiar- og arbeidserfaring frå biblioteksektoren er naudsynt
- God digital kompetanse er naudsynt
- Gode språkkunnskapar både skriftleg og munnleg i norsk og engelsk er naudsynt
- Kjennskap til biblioteksystemet ALMA/Oria er ein føremon
Vi søkjer deg som:
- Er engasjert, initiativrik, løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet
- Er tydeleg og som legg til rette for eit godt arbeidsmiljø
- Har gode kommunikasjons-, formidlings- og samarbeidsevner
- Har gode leiareigenskapar, og god evne til å lytte og motivera medarbeidarar
- Er endringsvillig og nytenkande
- Er fagleg nysgjerrig og likar å halde deg oppdatert, og opptatt av kunnskapsdeling
- Er serviceinnstilt, fleksibel og omgjengeleg
- Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
Ved vurdering av søkarane vil det bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB
- Løn som hovudbibliotekar etter lønssteg 56 – 68 (kode 1077) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 507 600 – 626 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Seksjonsleiar Trude Færevaag, tlf: 55 58 66 83 (kontor), 478 04 626 (mobil), e-post [email protected]
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.