LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Fagleg leiar forskingstenester - universitetsbibliotekar / førstebibliotekar

Søknadsfrist: 30.11.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast stilling som fagleg leiar for forskingstenester (universitetsbibliotekar 1199) i 100 % stilling. Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte. Faggruppa består av ca 10 tilsette. Vidare koordinerer fagleg leiar spesialiserte arbeidsgrupper der også medarbeidarar frå andre UB/UiB-einingar inngår. Vi søker ein tydeleg og engasjert fagleg leiar som skal vidareutvikle og leie forskingstenester. UB tilbyr tenester og rådgiving innan forskingsdatahandtering, vitskapeleg publisering og kommunikasjon, og bibliometri. Fagleg leiar skal bidra til å skape eit godt miljø for utvikling av forskingstenester i tråd med UiB-leiinga sine mål. Stillinga krev utstrekt samarbeid med fagmiljø, og andre einingar ved UB og UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for utvikling, drift og profilering av forskingstenester som bidrar til å styrke kvalitet i UiBs forsking.
  • Planlegge og koordinere arbeid for dei spesialiserte arbeidsgruppene i samråd med seksjonsleiar.
  • Bidra til kompetanseutvikling i samråd med seksjonsleiar.
  • Bidra til smidig samarbeid med fagmiljø, og andre einingar ved UB og UiB.
  • Ta aktiv del i vidareutvikling og tilrettelegging av arbeidsgruppenes tillagte tenester.
  • Delta i løypande oppgåver tillagt arbeid for fagområdets arbeidsgrupper.
  • Inngå i leiargruppa i seksjonen.

Fagleg leiar rapporterer til seksjonsleiar for utdannings- og forskingsstøtte. Fagleg leiar har arbeidsleiing. Personalansvar ligg til seksjonsleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på minimum masternivå.
  • Leiingserfaring vert vektlagt.
  • Erfaring frå arbeid med forskingstenester i universitets- og høgskolesektoren vert vektlagt.
  • Erfaring med prosjektarbeid og brukarorientert tenesteutvikling vert vektlagt.
  • Kompetanse innan digitale dugleikar vert vektlagt.
  • Erfaring med forsking, forskingsmetodar og vitskaplege publiseringsprosessar vert vektlagt.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing og formidling er eit fortinn.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk.

Eigenskapar

  • Brukarorientert.
  • Gode evner til å leie arbeidsgrupper og til å prioritere og drive prosessar.
  • Motiverande, sosial og med gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Framtidsretta og utforskande, god på å skaffe deg oversikt og sjå heilheit.
  • Gode gjennomføringsevner og løysingsorientert.
  • Sjølvstendig, strukturert og fleksibel.

Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. Universitetsbiblioteket er i stadig utvikling og stillingas arbeidsoppgåver og/eller ansvarsområde vil kunne endre seg over tid. Dette stiller krav til omstilling og den som tilsettast må være tilpassingsdyktig.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg spennande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, og motiverande dialog med fagmiljø ved UiB.
  • Løn som universitetsbibliotekar (kode 1199) kr. 550 000 til kr. 640 000 i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200), løn kr. 670 000 til kr. 720 000 avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
  • Moglegheit for å søke om avtale om heimearbeid.
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40 eller mob. 48 29 97 21, epost [email protected]

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS