LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Systemutviklar til Termportalen

Søknadsfrist: 25.11.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som hevar deira digitale dugleikar, og informasjonskompetanse. Tverrfaglege satsingar, teknologiske moglegheiter og verktøy, samt endring i vitskapeleg kommunikasjon og publiseringsmønster skaper etterspørsel etter nye typar av tenester frå UB. Openheit, transparens og deling av kunnskap er grunnleggande for Universitetet i Bergen. UB har sentrale oppgåver knytt til mål om open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillinga:

Ver med å forme framtidas tenester for humanistisk infrastruktur ved UiB!

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei fast 100 % stilling som systemutviklar (avdelingsingeniør 1085) til Termportalen. Som del av den nasjonale satsinga på norsk fagspråk/terminologi har Universitetet i Bergen fått ansvar for utvikling, utbygging og drift av Termportalen. Termportalen er ein del av infrastrukturen til Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket og skal bli ein nasjonal portal for terminologi. Stillinga er knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, Digital utvikling/Språksamlingane.

Språksamlingane er den nasjonale vitskaplege dokumentasjonsressursen til norsk språk og norske namn. Frå våren 2021 har Språksamlingane ved Universitetet i Bergen fått ansvar for utviklinga og forvaltinga av Termportalen frå Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet. Faggruppa Digital utvikling er særleg knytt til utviklinga av digital forskingsinfrastruktur og open vitskap, i samarbeid med fagmiljøa. For tida er digital humaniora eit prioritert område. Den humanistiske digitale infrastrukturen er viktig for forsking, formidling og undervisning innan humanioradisiplinane. Den nyttas også av offentleg forvaltning, skuleverket og allmennheita.

Vi er opptatt av:

  • Innovative løysingar, kontinuerlege og berekraftige leveransar
  • Brukarperspektivet, og jobbar tett med fagmiljøa om design, utvikling og drift

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for utvikling og drift av Termportalen som system og teneste for felles humanistisk infrastruktur ved Universitetet i Bergen
  • Vere ein del av team som planlegg og gjennomfører større endringar innan tenester for felles humanistisk infrastruktur
  • Utvikling av moderne webapplikasjonar
  • Bidra til kontinuerleg forbetring av arkitektur, metodikk, arbeidsprosessar og kode
  • Bidra til bruk av aktuelle metodar, teknikkar og verktøy som fremmar brukaroppleving, som design-tenking, tenestedesign og andre brukarorienterte prosessar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Vi søker etter deg som har:

  • Utdanning på minst bachelornivå, gjerne informasjonsvitskap og/eller med språkvitskap, språkteknologi i fagkrinsen. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
  • Erfaring med eitt eller fleire programmeringsspråk, fortrinnsvis JavaScript/Node.js, Python eller PHP.
  • Kjennskap til versjonskontroll (Git), datalagring og ulike typer databasar er eit fortrinn.
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (el. skandinaviske språk) og engelsk

Det er i tillegg flott om du kjenner til:

  • Andre programmeringsspråk eller har erfaring med semantisk teknologi
  • Ulike webstandardar, spesielt REST-APIer
  • Erfaring med utvikling av moderne webapplikasjonar/ responsivt webdesign og gjerne utdanning eller erfaring innan UX-design
  • Erfaring i å involvere brukarar og i å sjå brukarperspektivet i utforming av digitale løysningar.
  • JavaScript-rammeverk (f.eks Angular, React, vue.js)
  • JSON/XML
  • Datavasking og visualisering (OpenRefine)

Personlege eigenskapar:

  • Du kan arbeide sjølvstendig og er kreativ
  • Du er kvalitetsbevisst med evne til å sjå heilskap
  • Du likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
  • Du har interesse for open kjeldekode og smidig systemutvikling
  • Du er opptatt av brukarperspektivet i utvikling av tenester
  • Du deler kunnskapen din med andre
  • Du likar å jobbe i prosjekt og samarbeider godt i team

Personlege eigenskapar som er nødvendige for stillinga vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Faglege utfordringar med gode utviklingsmoglegheiter
  • Ein sjanse til å være med å forme og bygge opp noko heilt nytt
  • Arbeid i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Eit hyggeleg arbeidsmiljø
  • Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB og nasjonalt
  • Løn som avdelingsingeniør etter lønssteg 46 - 57 (kode 1085/LR22) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr. 431 900 – 516 100. Søkjarar som har mastergrad og relevant praksis kan vurderast som overingeniør (kode 1087). Løn etter lønssteg 58 - 68. Dette utgjer for tida kr. 524 900 – 626 100. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar Karin Rydving, tlf. 55 58 88 40, mob. 48 29 97 21, epost karin.rydving@uib.no eller
  • Fagleg leiar Peder Gammeltoft tlf. 55 58 21 95, mob. 45 37 30 97, e-post peder.gammeltoft@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS