Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Avdelingsingeniør
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsingeniør. Stillinga er knytt til studieadministrasjon ved instituttet og vil hovudsakleg ha arbeidsoppgåver retta mot praktisk undervisning av instituttet og fakultetet sine studentar. Dette inneber tilrettelegging, administrasjon og assistanse i laboratoriekurs i kjemi/biokjemi, anatomi (makro og mikro) og fysiologi. Det er ønskeleg med ein person som har brei fagleg grunnutdanning innanfor biologi, kjemi eller liknande.
Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel, liker variasjon, og tek ei utfordring på strak arm. Du må arbeide nøyaktig og effektivt, halde hovudet kaldt i hektiske periodar og bidra til det faglege og sosiale fellesskapet.
Institutt for biomedisin er eit av fem institutt ved Det medisinske fakultet og har som oppgåve å drive medisinsk forsking, rettleiing og undervising på høgt internasjonalt nivå for å oppnå fakultetet sin visjon «ny kunnskap for betre helse». Instituttet gjer det meste av forskinga si på biologiske mekanismar innan mennesket si helse og sjukdom, og har viktige oppgåver både i legeutdanninga, mastergradsutdanning og ph.d.-utdanning innan medisin, farmasi, ernæring og odontologi.
Instituttadministrasjonen gjev den faglege verksemda teknisk og administrativ støtte og har mellom anna ansvar for studieadministrasjon, forskingsadministrasjon, økonomiforvalting, prosjektstyring, personal, HMS og infrastruktur. Gruppeleiar for studieadministrasjon er arbeidsleiar og administrasjonssjefen personalleiar for stillinga.
Arbeidsoppgåver:
teknisk tilrettelegging av laboratoriekurs i anatomi, kjemi/biokjemi/molekylærbiologi og fysiologi
assistanse på kurs
oppgåvene knytte til undervisning i makroanatomi vil innebere arbeid med donerte lekamar, kontakt med pårørande, fullbalsamering av heile kroppar, samt disseksjon og preparering av humant materiale til bruk i undervisning
reinhald og vedlikehald av utstyr og inventar
student- og studieadministrasjon, både kurs- og emneadministrasjon kan inngå i stillinga
arbeid med nettsider, redigering og publisering av interne og eksterne ressursar for både tilsette og studentar, samt redaktørrolle for instituttet sitt nyheitsbrev
planlegging og gjennomføring av arrangement i regi av instituttetDet kan bli aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjarar må ha oppnådd relevant bachelorgrad innanfor dei faga som blir undervist (biokjemi, biologi, molekylærbiologi, fysiologi, cellebiologi eller kjemi), eller tilsvarande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilde høve kompensere for manglande formell utdanning
Evne til å uttrykke seg godt skriftleg og munnleg på norsk (begge målformer) og engelsk
Erfaring med undervisning og/eller formidling vil være en fordelVi søkjer ein person som:
har interesse for å støtte opp under forsking og undervisning og er serviceinnstilt og imøtekommande
arbeider sjølvstendig og har god ordenssans
har evne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på fleire parallelle prosessar og aktivitetar
er effektiv, fleksibel og ansvarsbevisst
set seg raskt inn i nye saksfelt og har evne til problemløysing
har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
har god gjennomføringsevne og arbeidskapasitet
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Løn er for tida kr 524 700 – 565 900 (kode 1085, lønssteg 53-58). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.