LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør - Klinisk institutt 1

Søknadsfrist: 20.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Avdelingsingeniør

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som avdelingsingeniør. Avdelingsingeniøren vil være tilslutta primært to forskingsmiljø: forskingssenteret Neuro-SysMed senteret og Renal Research Group, men skal og bistå andre forskingsmiljø ved instituttet.

Om Neuro-SysMed

Neuro-SysMed er eit forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar og ansvarleg for multippel sklerose) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar og ansvarleg for nevrodegenerasjon). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å finne og prøve ut effektiv behandling for: Parkinsons sjukdom (PD), fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD), multippel sklerose (MS) og amyotrofisk lateral sklerose (ALS). At vi kan tiltrekkje oss, og behalde arbeidstakarar med høg kompetanse er ein fundamental føresetnad for vidare suksess i senteret.

Meir informasjon om Neuro-SysMed.

Om Renal Research Group

Renal Research Group (RRG) er et internasjonalt kjent forum for nyreforsking, som er forankra Haukeland universitetssjukehus (HUS) og Universitetet i Bergen (UiB). RRG er ledet av prof. Hans-Peter Marti. Tradisjonelt har gruppa kombinert dyreforsøk og menneskestudiar av basale sjukdomsmekanismar med epidemiologiske og translasjonelle studiar av nyresjukdommar. Vi bruker banebrytande teknologiar som nyre-på-chip og omics-relaterte metodar i nyrebiopsiar, samt avansert bioinformatikk, med fokus på spatial transcriptomics. For tida konsentrerer vi oss om å forbedre diagnostikk og behandling av hypertensiv nefropati, IgA -nefropati, posttransplantasjonsdiabetes og nyrekreft.

Meir informasjon om RRG.

Arbeidsoppgåver:

  • Immunhistokjemi av menneskevev som hjerne, nyre, skjelettmuskulatur og anna vev. Dette er ein vesentleg del av stillinga og inkluderer vevspreparering, frysing eller formalinfiksering, seksjonering (formalinfiksert parafininnstøpt eller dypfryst) og farging med kjemiske (f.eks. H&E, cresyl violet) og immunhistokjemiske metodar, ved bruk av både manuelle og automatiserte tilnærmingar (f.eks. drift av autofarger).
  • Behandling og biobanking av biologiske prøver frå kliniske studiar (f.eks. PBMC, cerebrospinalvæske) samt hjernevev frå obduksjon.
  • Ekstraksjon av nukleinsyrer (DNA, RNA) eller protein frå vev eller celler og utføre kvalitetskontroll ved f.eks. gel, qubit eller bioanalyzer.
  • Analyse av prøver ved hjelp av grunnleggande laboratorieteknikkar som: Western blot, PCR, qPCR, Sanger -sekvensering og immunhistokjemi.
  • Grunnleggande cellekulturarbeid
  • Regelmessig kontakt med leiarane for forskingslaboratoria for å organisere arbeidsmengde og gi teknisk støtte for tilfredsstillande drift av forskingsaktivitetar, anlegg og utstyr.
  • Halde gode laboratoriejournalar over alle eksperimentelle prosedyrar og resultat, slik at tolking kan gjerast med teammedlemmer.
  • Gi passande bistand til og opplæring av akademisk, teknisk og forskingspersonell og studentar om spesifikke eksperimentelle teknikkar og bruk av spesialisert laboratorieutstyr.
  • Administrative oppgåver, som å koordinere vitskapelege møter, holde orden på grunnleggande laboratorieforsyningar og bestilling av materialar og reagensar
  • Stillinga inneber normalt krevjande og spesialiserte teknisk- faglege støttefunksjonar knytt til undervisning og forsking

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad (eller tilsvarande kvalifikasjonar) i molekylær biologi, biokjemi eller tilsvarande fag.
  • Erfaring i molekylær biologi og genomikk / genetikk
  • Erfaring med histologi og immunfarging
  • Erfaring med uttrekk av nukleinsyrer (DNA, RNA) og protein frå biologiske prøvar, med kvalitetskontroll, t.d. med gel-electrophoresis, qubit eller bioanalyzer
  • Erfaring med Western blot, PCR, qPCR, DNA-sekvensering, førebuing av cDNA bibliotek, og immunocyto/histokjemi
  • Erfaring med cellekultur
  • Erfaring med menneskevev (frysing, lagring, snitting, farging).
  • Erfaring med behandling av biologiske prøver frå kliniske studier som PBMC -isolasjon frå blod, isolering av celler frå cerebrospinalvæske osv.
  • Flytande engelsk, skriftleg og munnleg, på eit teknisk / vitskapeleg nivå
  • Flytande norsk eller er villig til å lære det raskt

Vi søkjer ein person som

  • Er god på å kommunisere og har gode samarbeidseigenskapar, men kan også jobbe sjølvstendig og er god på problemløysing
  • Er nøye og har fokus på detaljar
  • Er villig til å ta ansvar for prosessar og følger dei til dei er fullførd
  • Visar initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Er i stand til å motivere andre og etablere samarbeid på tvers av miljø
  • Er fleksibel og innstilt på å hjelpe
  • Er systematisk og analytisk
  • Er villig til å gjere seg kjend med nye emne og områdar
  • Er god på å arbeide strategisk, strukturert og med sikte på fristar

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som avdelingsingeniør (kode 1085/22.10) med mastergrad lønssteg 51-53 (for tida kr 468 300-483 700). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS