LEDIG STILLING PÅ UNIVERSITETET I STAVANGER

Restaureringsteknikar - tradisjonsmurar

Søknadsfrist: 20.06.2023

UiS hovedlogo positiv RGB

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavanger-regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.


Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.

Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd.


Muséet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. Muséet har i dag omlag 85 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.

Om stillinga

Universitetet i Stavanger har ledig stilling som restaureringsteknikar - tradisjonsmurar ved Avdeling for konservering, Arkeologisk museum.

Stillinga er eksternt finansiert og den som vert tilsett skal arbeide med tradisjonsmuring innanfor oppdragsverksemd. Steinkonserveringsteamet arbeider fram til 2025 med oppdraget "Domkirken 2025 - steinkonservering" der Stavanger kommune er oppdragsgivar. Restaureringsteknikar - tradisjonsmurar vil inngå som ein viktig og verdsett kollega i eit dyktig og inkluderande steinkonserveringsteam som dei neste par åra arbeider tett for å restaurera eit av byens fremste kulturminne. Oppdraget handlar primært om ornament, profilar og skulpturar i kleberstein, med tilhøyrande muring med kalk som bindemiddel.

Dersom du har kompetanse innan tradisjonsmuring med bruk av kalkmørtel og i tillegg erfaring med restaureringsprosjekt og bygningsvern, oppmodar vi deg til å søke stillinga.

Hovudoppgåver

  • de- og remontering av bygningsdelar i kleberstein, inkludert fuging med kalkmørtel som i hovudsak er framstilt ved "hotmix"
  • tilstandsvurdere og dokumentere tidlegare muring og fuging av bygningsdelar i kleberstein 
  • bidra i vurdering av tidlegare materialbruk i mørtlar og overflatebehandlingar, og effekten deira på tilstanden og strukturen i bygningen
  • tilstandsvurdere, manuell og digital oppmåling og dokumentasjon
  • meisle ut sementfugar og refuge med kalkmørtel, eventuelt også slemme og kalka vegger
  • samarbeide godt med steinhoggarar og konservatorar i team

Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga i framtida. 

Kvalifikasjonar

Du må:

  • vera faglært murar (sveinebrev) med god erfaring frå restaureringsprosjekt og tradisjonsmuring. Eventuelt kan bygningsingeniør el.a. vurderast, føresett at du kan mura, har god materialkunnskap og brei bygningsvernkompetanse.
  • ha forståing for og kompetanse til å dokumentera tilstanden i steinbygningen før, under og etter det utførte tiltaket 
  • ha gode samarbeidsevner og erfaring med teamarbeid, vera fleksibel og imøtekommande i samarbeid med andre
  • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og på engelsk

Vidare blir det lagt vekt på at du: 

  • har kunnskap om og forståing for norsk kulturminnelovgjeving og dei antikvariske retningslinjene som gjeld ved restaurering av automatisk freda kulturminne
  • har god arbeidskapasitet, interesse for og evne til å arbeida på stillas høgt over bakkenivå
  • er pliktoppfyllande og ansvarleg i forhold til arbeidsmål, med respekt for HMS-krav på byggjeplass og i UiS, samt tar ansvar for gjennomføring av gode arbeidsprosessar
  • har gode kommunikasjonsevner og et høgt refleksjonsnivå, at du kan argumentera for ditt syn og diskutera løysningar internt i teamet på ein god måte, og vera lojal mot dei løysningane som blir valt
  • er sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • har relevante IT-kunnskap - Office, Teams m.m. Vi brukar Intrasis til dokumentasjon av tilstand.
  • har førarkort klasse B

Det vil vera ein fordel dersom du også har erfaring med tørrmuring og prosjektleiing. 

Vi tilbyr

  • interessant og fagleg utfordrande restaureringsarbeid i eit kompetent steinkonserveringsteam
  • tilsetjing i ein dedikert og breitt fagleg samansett konserveringsavdeling
  • varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • eit ambisiøst arbeidsfellesskap og inkluderande arbeidsmiljø
  • løn etter Statens lønnsregulativ, l.pl 90.301, kode 1085 avdelingsingeniør, kr 500 000 - 550 000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn og tilsetting som overingeniør bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningar
  • meir om gode for tilsette og fordelar på våre nettsider

Mangfald

Universitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.

Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode.

Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader. 

Kontaktinformasjon

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

  • Avdelingsleiar Inger Marie Egenberg, tlf: 51832689 eller 91155423, e-post: inger.m.egenberg@uis.no eller 
  • Prosjektleiar Yen Ngoc Nguyen, tlf. 92019672, e-post: yen.n.nguyen@uis.no. Send gjerne sms om du ikkje får svar på telefon

Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgjevar Janne V. Endresen, tlf: 51831216, e-post: janne.v.endresen@uis.no

Søknad

Søk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.

Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.

Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.

Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25. Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. 

UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS