LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Avdelingsingeniør / overingeniør / senioringeniør i Plattformgruppa

Søknadsfrist: 18.05.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.

Er du nysgjerrig på ny teknologi, vil du være med å utvikle og drifte ein moderne IT-plattform?Då er det deg vi ser etter – Linux Dev Ops’ar

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Er du nysgjerrig på ny teknologi, vil du være med å utvikle og drifte ein moderne IT-plattform?Då er det deg vi ser etter – Linux Dev Ops’ar

Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som Linux dev ops’ar avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør i Plattformgruppa.

IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar.Plattformgruppa inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av tenarar og tenester som går på desse.

Arbeidsoppgåver:

Dei viktigaste arbeidsoppgåvene vil vere:

  • Vidareutvikle eit driftskonsept som er API orientert, automatisert og sjølvbetent.
  • Generell Linux systemadministrasjon, applikasjonsdrift og vedlikehald.
  • Optimalisering og sørge for høy tilgjengelegheit på skalerande miljøer.

Kjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad kvar du greier ut om kva du kan og vil jobbe meir med. Vi har alltid plass til spanande medarbeidarar med ulik bakgrunn.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du har en DevOps orientert tankegang, er IT-teknisk kompetent og nysgjerrig.
  • Kjennskap til drift av Linux tenarar.
  • Grunnleggande kompetanse innan scripting (Puppet, GIT, Ansible, Terraform eller liknande).
  • Kjenskap til virtualisering (t.d VMware), Docker og skyteknologi.
  • Du har god teknisk forståing og likar å lære deg nye teknologiar.
  • Du evner å forstå bruker- og virksomhetsbehov. Vi vil leggje spesiell vekt på evna til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt.
  • Du har gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt.
  • Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
  • Vi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
  • For avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
  • For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning .

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetet.
  • Stilling som avdelingsingeniør (kode 1085) lønssteg 47-57 i det statlege lønsregulativet(for tida 439 900 – 516 100), overingeniørar (kode 1087) lønssteg 53 - 70 (for tida kr 483 700-650 300) i det statlege lønsregulativet eller senioringeniør (kode 1181) lønssteg 58 – 74 (for tida 524 900-702 100) avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksitid og gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS