LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

IT-teknikar / avdelingsingeniør IT

Søknadsfrist: 01.02.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.

HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.


Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering har ledig stilling som IT-teknikar/avdelingsingeniør

Det er ledig ei fast stilling som IT-teknikar/avdelingsingeniør i 100% stilling.

Arbeidsstaden er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

I stillinga som teknikar/avdelingsingeniør vil du primært ha dine arbeidsoppgåver knytt til førstelinje brukarstøtte IT, og andre operative oppgåver innan IT-området.

Du vil og kunne bli tillagt andre oppgåver innan avdelinga sitt ansvarsområde, til dømes:

Prosjektarbeid, informasjonstryggleik, opplæring, rådgjeving, dokumentasjon, innkjøp, systemdrift, integrasjon, klientdrift, backup, nettverk eller serverdrift.

Kvalifikasjonskrav:

For å bli tilsett som teknikar (st.kode 1091) krev vi fagbrev i eit relevant fag.

Det er ein fordel med relevant, praktisk arbeidserfaring, etterutdanning, kompetanse eller utdanning på høgare nivå.

For å bli tilsett som avdelingsingeniør (st. kode 1085) krev vi fullført 3-årig høgare utdanning innan relevant fagområde.

Personlege eigenskapar:

Dette er ei stilling med mykje kontakt med tilsette og studentar. Du må vere sørvisinnstilt, ha gode samarbeidsevner og evne til å jobbe under press i eit hektisk miljø.

Du må vere genuint interessert i IT, flink til å få ting gjort, ein god problemløysar og hjelpsam. Du må ha evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, og du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

Du må kunne omstille deg og vere flink til å ta til deg ny kunnskap og nye arbeidsoppgåver.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som IT teknikar/avdelingsingeniør IT er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1091- teknikar / 1085 - avdelingsingeniør.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) IT-koordinator campus Førde, Bente Aarlott Aase, tlf.: 911 33 025, e-post: bente.aase@hvl.no

2) IT-leiar Idar M. Flemmen, e-post: idar.flemmen@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS