LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Ph.d. - stipendiat i nanoteknologi

Søknadsfrist: 30.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i nanoteknologi

Ved Institutt for Fysikk og Teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i nanoteknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er knytt til prosjektet «Novel sensor technology & anti-biofouling: pH-sensor” ved Smart Ocean, eit senter for forskingsbasert innovasjon (SFI) med finansiering frå Norges Forskningsråd.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Prosjektet er eit samarbeid med Bergensbaserte Aanderaa (eit selskap i Xylem Analytics), forskingsinstituttet NORCE og UiB ved Institutt for Fysikk og Teknologi (IFT) og Kjemisk Institutt (KI). Føremålet med prosjektet er å utvikle ein pH-sensor for plassering under havoverflata.

Kandidaten som vert tilsett vil utvikle og teste system som viser ein pH-avhengig variasjon i såkalla fluorescens-levetid (fluorescence life time, FLT). Både velkjende så vel som nyutvikla eller modifiserte indikatorar vil verte testa i lag med filmar og membranar.

Kandidaten vil og vere involvert i arbeidet med å utvikle og teste belegg eller metodar for overflatebehandling som hindrar gjengroing («anti-biofouling coating») av sensorane slik at dei kan eksponerast for sjøvatn over lange periodar utan at presisjon eller responstid svekkast.

Kandidaten vil i hovudsak ha sin arbeidsplass på UiB men det kan også påreknas at eksperimentelt arbeid blir utført ved testlaboratorier hos NORCE. Kandidaten vil samarbeide nært med heile prosjektgruppa.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i kjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha erfaring med forsøksplanlegging og tolking av fleirvariable data.
  • Erfaring med optimalisering av kjemiske prosessar er ein føremon.
  • Brei erfaring frå organisk og/eller uorganisk syntese er ein føremon.
  • Likeins vil erfaring med ulike analyseteknikkar (IR-spektroskopi, NMR-spektroskopi, GC, GC-MS, osb) for karakterisering av syntetiserte produkt vere ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. I prosjektet deltar lokale bedrifter og det kan påreknast at kommunikasjonsspråket er norsk.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat:

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

  • professor Bodil Holst, Department of Physics and Technology, (bodil.holst@uib.no) eller
  • førsteamanuensis Tore Skodvin, Kjemisk institutt, Tel.: 55583354 (Tore.Skodvin@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS