LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Konservatorar - Avdeling for samlingsforvaltning

Søknadsfrist: 26.05.2023

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Universitetsmuseet i Bergen – Les meir her

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Konservatorar

Ved Universitetsmuseet i Bergen, Avdeling for samlingsforvaltning, er det frå hausten 2023 (eller etter avtale) ledig inntil to prosjektstillingar som konservatorar med to års varigheit. Stillingane kan verte forlenga.Universitetsmuseet i Bergen har store samlingar av kulturhistoriske gjenstandar i utstillingar og i ulike magasin. Dei to stillingane er knytt til arbeid med føreståande rehabilitering av Kulturhistorisk museum og Universitetsprosjektet Sikre Samlingar, eit pågåande prosjekt knytt til sikring og flytting av museets kulturhistoriske samlingar. Avdeling for samlingsforvaltning har 20 tilsette og har ansvar for forvaltning, bevaring, konservering og dokumentasjon av museets samlingar og arkiv til forskings- og formidlingsføremål

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene i prosjektet vil omfatte registrering i databasar, lettare reingjering, tilstandsvurdering, merking, sikring, demontering, pakking, fotografering, sanering (frysing, karantenepakking), organisering samt innplassering i nye magasin. Prosjektet er omfattande og arbeidsoppgåvene varierte. Arbeidet vil til tider vere fysisk krevjande og tidvis monotont, og vil i periodar bli hektisk når ein arbeidar opp mot fristar. Museet treng medarbeidarar med høg arbeidskapasitet, god kunnskap om preventiv konservering og forståing av logistikk. Dei som blir tilsett må kunne arbeide som del av eit team og bidra til prosjektets faglege utvikling og gjennomføring.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha:

  • Godkjent mastergrad innan konservering, fortrinnsvis innan arkeologisk eller kulturhistorisk materiale. Godkjent mastergrad innan andre museumsfag kombinert med svært relevant erfaring kan erstatte utdanningskravet innan konservering.
  • Erfaring med handtering og registrering av museumsgjenstandar og samlingar
  • God generell IT-kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) samt engelsk

Det er ein føremon å ha:

  • Erfaring med universitetsmuseas felles databasesystem (UNIMUS) eller tilsvarande databasar
  • God gjenstandskunnskap og materialkunnskap
  • Digital kompetanse frå digitaliseringsprosjekt
  • Kunnskap og forståing av systematisk HMS-arbeid
  • Førarkort for personbil (klasse B)

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, systematisk, strukturert og nøyaktig
  • Evne til å tenkje og arbeide praktisk, kreativt og breitt
  • Positiv, initiativrik, målretta og løysingsorientert
  • Kunne arbeide som del av eit team, men og sjølvstendig
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø med fysisk arbeide

Dei som vert tilsett kan ikkje vere allergisk mot støv eller kjemikaliar i ein slik grad at det vil påverke arbeidet.Det er vesentleg at dei som vert tilsette er eigna for stillingane, og personlege eigenskapar vil verte tillagt stor vekt.

Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit spennande og relevant musealt flytteprosjekt
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
  • Gode og engasjerte kollegaer
  • Stilling som overingeniør (kode 1087) i årslønn kr 524 700 – 540 500 brutto etter kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Camilla C. Nordby, leiar av Avdeling for samlingsforvaltning, E-post: camilla.nordby@uib.no, Mob: (+47) 97 65 96 32 eller
  • Teamleder for Flytteprosjektet Stine Dornfest, E-post: stine.dornfest@uib.no, Mob: (+47) 45 48 08 17, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetet i Bergen

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga

SøknadSend søknad elektronisk via lenkja «Søk stillinga» på denne sidaSøknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Oversikt over utdanning, arbeidserfaring og publikasjonar (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS