LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vitskapleg assistent - PIONEERED

Søknadsfrist: 24.08.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som vitskapleg assistent i 100 % stilling ved Fakultet for lærarutedanning, kultur og idrett.

Stillinga er knytt til prosjektet PIONEERED og er ledig frå 01.09.2022 til 28.02.2024

Arbeidsstaden er campus Bergen

Ansvars- og arbeidsområde:

Vitskapleg assistent vil primært støtte prosjektleiar ved FLKI med forskingsoppgåver og administrasjon av PIONEERED - prosjektet. Som forskar i PIONEERED vil assistenten delta i eit stort og etablert internasjonalt nettverk av stipendiatar, post-doktorar og erfarne forskarar innan pedagogikk, utdanningsvitenskap og sammfunnsvitskap.

Arbeidsoppgåvene vil bestå av å:

  • Samle forskingsdata for Norge i prosjektet (f.eks. gjennomføre kvalitative casestudiar)
  • Kvalitetssikre forskingsrapportar og annan rapportering i PIONEERED
  • Vere med på å utvikle, planlegge og organisere samlingar for PIONEERED
  • Tilretteleggje for kommunikasjon og formidling av PIONEERED si forsking gjennom nyheitsbrev, sosiale media og web
  • Støtte prosjektleiar med dagleg administrativt arbeid og kommunikasjon
  • Delta i teammøter nasjonalt og internasjonalt og i det tverrfaglege forskningsclusteret Kritisk og praksisorientert danningsforsking ved FLKI

Kvalifikasjonskrav:

Formelle kvalifikasjonar

  • Mastergrad innan relevante felt (lektor-/lærerutdanning, samfunnsvitenskap eller anna).
  • Kunnskap om empirisk forskingsmetodar
  • Erfaring med å jobbe med kvalitativ datainnsamling og analyse
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ha interesse for tverrfaglege problemstillingar
  • Flytande skriftleg og munnleg engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk

Følgjande tel positivt

  • Erfaring med forskingsformidling og kommunikasjon
  • Erfaring frå arbeid i store internasjonale foskingsprosjekt (eks. Horizon 2020 )
  • Praktisk-pedagogisk erfaring
  • Erfaring med kvantitativ metoder og data
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God IT-kompetanse

Stillingskategorien vitskapleg assistent er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova. §1-4. I forskrifta står det mellom anna at "stillingen kan ikke besettes av personer som tidligere har vært ansatt i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarende kompetanse.» Det betyr at søkjarar med doktorgrad eller tilsvarande, eller søkjarar som har hatt ei stilling som ph.d.-stipendiat, ikkje vil bli vurdert som kvalifisert for stillinga.

Korleis søkje på stillinga?

Søknaden skal innehalde:

  • Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • Ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • Ei liste over relevante publikasjonar, forskingsrapportar eller anna relevant formidlingsmateriale du har bidrege til
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som vitskapleg assistent vert løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1019 eller 1020.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Professor Solvejg Jobst, solvejg.jobst@hvl.no, telefon +47 458 10 304.
  • Prosjektkoordinator Maria Helena Meyer Dolve, Maria.Helena.Meyer.Dolve@hvl.no, telefon +47 55 58 79 08

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS