LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Dagleg leiar / forskar (50 %) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin

Søknadsfrist: 15.08.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Dagleg leiar/forskar (50 %)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei fast stilling (50 %) som forskar og dagleg leiar for eit utdanningsfagleg prosjekt innan allmennmedisin. Stillinga er knytt til prosjektet «Fleire praksisplassar og betre rettleiing for medisinstudentar på fastlegekontora (FRONESIS)», finansiert av Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høyere utdanning (Diku), no Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir). Prosjektet har ei førebels finansiering i 3 år.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Føremålet med prosjektet er å bidra til at medisinutdanningane i Noreg har eit tilstrekkeleg tal praksisplassar i primærhelsetenesta, med god kvalitet og kompetente praksisrettleiarar. Både volum og kvalitet på praksisplassar er under press, både gjennom «fastlegekrisa» og mangel på nasjonale avtalar og lovverk som sikrar at utdanningane har eit stort nok tal praksisplassar i kommunane. Prosjektet skal kartlegge, utvikle og prøve ut nye modellar for praksis, med mål om fleire, lengre og betre praksisperiodar, samt utvikle og pilotere ein ny og fleksibel vidareutdanning med sikte på å oppnå nasjonale krav for rettleiarkompetanse.

For det aktuelle prosjektet er det inngått partnarskap med Kunnskapskommunen Helse Omsorg Vest. Det er i rundt 90 fastlegekontor i ni kommunar dei ulike modellane for praksis skal prøvast ut, medan kartleggingsdelen av prosjektet dels vil vere regionalt (Helse Vest) og dels nasjonalt. I siste del av prosjektet skal det utviklast og prøvast ut ei nasjonal praksisrettleiarutdanning på masternivå retta mot fastlegar.

Prosjektet har ei referansegruppe og ei styringsgruppe. Det er allereie tilsett ein lege som universitetsstipendiat med tanke på ph.d.-grad for forskingsdelen av prosjektet og 50% rådgjevarstilling for både administrative og faglege oppgåver i prosjektet. I tillegg er det prosjektleiing ved vitskapleg tilsette på professornivå innan allmennmedisin.

Stillingsinnehavaren skal

  • vere dagleg leiar for prosjektet og drive det framover i nært samarbeid med prosjektleiar, prosjektmedarbeidarar, referansegruppe og styringsgruppe
  • delta i følgjeforsking og evaluering av prosjektet i samsvar med prosjektplanen, og delta i forskingsteam for stipendiat dersom ønskjeleg og etter vitskaplege kvalifikasjonar
  • delta i utforming av spørjeskjema, utvikling av modellar for praksisinnhald og praksisavtalar med fastlegar og fastlegekontor
  • delta i møter med fastlegar og kommunar og utforme praksisavtalar
  • følgje opp prosjektet i samsvar med prosjektplanen, rapportering og rapportutforming
  • presentere prosjektet og formidle resultat i relevante fora lokalt og nasjonalt
  • vere medlem i prosjektet si prosjektgruppe

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad innan relevant fagfelt for stillinga, gjerne medisin. Andre relevante fagfelt kan vere ulike andre helse- og sosialfaglege utdanningar eller bakgrunn frå utdanningsfeltet
  • det er ønskjeleg at søkjar har vitskaplege kvalifikasjonar innan allmennmedisin eller samfunnsmedisin, og erfaring frå slik forsking vil bli tillagt vekt, men er ikkje avgjerande for stillinga
  • grundig kjennskap til fastlegeordninga, anten som klinikar, frå samfunnsmedisinsk stilling eller frå organisasjonsarbeid vil bli vektlagt
  • det er ønskjeleg at søkjar har erfaring med utarbeiding av prosjektsøknadar og gjennomføring av ulike typar prosjekt
  • det vil bli lagt vekt på erfaring frå undervisning, både i grunnutdanning og i vidare- og etterutdanning, helst innan helsefag, men anna undervisningserfaring vil òg telje
  • evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid, samt personlege eigenskapar som gjer søkjar eigna for stillinga, vert sterkt vektlagt i vurdering av søkjarane
  • søkjar må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for utdanningsspørsmål, forsking og utvikling av fastlegeordninga som praksisarena
  • søkjar må vere god i munnleg og skriftleg norsk og engelsk

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • eit godt arbeidsmiljø ved Fagområde for allmennmedisin i ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin
  • flott arbeidsplass i nye Alrek helseklynge
  • løn (kode 1109) i lønsregulativet til staten, løn mellom kr 636 700 – 714 000. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denne
  • ei oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i pdf) og ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknaden.

Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:

  • forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn under
  • lønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiert
  • forskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, både til seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder
  • det er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider med
  • instituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • forskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB
  • forskaren har ikkje undervisningsplikt, men det er forventa rettleiing av master- og ph.d.-studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppa
  • forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk
  • grunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens tilsette mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsette

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS