LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Driftsoperatør - Eigedomsavdelinga

Søknadsfrist: 08.10.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.

Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Driftsoperatør

Universitetet i Bergen er med sine 18 000 studentar og vel 4000 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar. Avdelinga forvaltar eit driftsbudsjett på omlag 536 mill. og eit investeringsbudsjett på omlag 377 mill. Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 4 driftsområde - tre er lokalisert på Nygårdshøyden og eit er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet.

Driftsområda vert leia av ein eigedomsforvaltar som rapporterer til Seksjonssjef Drift. Ved kvart driftsområde er det vedlikehaldsleiar og driftsleiar som rapporterer til Eigedomsforvaltar. Driftsområda har dessutan driftsteknikarar (fagbrev) og driftsoperatørar som arbeider på dagtid.

DriftsoperatørVed Eigedomsavdelinga, Drift er det en ledig ein fast 20 % stilling som driftsoperatør (laurdag) (fortrinnsvis annankvar helg). Stillinga er i dag plassert i Parkseksjonen.

Vi er på jakt etter deg som ønsker å ha ei laurdagsjobb. Det vil være to stykke som arbeidar samen, annan kvar laurdag i oddetalsveker og to stykke annan kvar laurdag i partalsveker.

Du må kunne jobbe i team og få teamet til å jobbe saman mot same mål. Vi ser etter deg som er sjølvstendig og pliktoppfyllande.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til formann på parkseksjonen og vil ha følgjande arbeids- og ansvarsområde:

  • Førefallene vedlikeholdsoppdrag på UiBs eiendommer
  • Bossrunde
  • Måling av tagging, fjerning av graffiti
  • Rydding og plenklipping
  • Vinterhalvåret kan det verte oppdrag med vintervedlikehold, som håndmåking/strøing av område

Arbeidstid fra 08.00 – 15.30, anna kvar helg, Det kan påregnes arbeid på søndager i forbindelse med f.eks snørydding.Alt arbeid skjer for det meste utomhus.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel
  • Minimum 18 år
  • Sertifikat kl. B
  • Ein fordel om du har maskinførerbevis for M4
  • Jobben kan til tider være fysisk utfordrende og søker bør ha god helse og fysikk

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser etter ein person:

  • Som er kvalitetsbevisst, pliktoppfyllande og resultatorientert
  • Som er systematisk, ryddig og nøyaktig
  • Som har høy grad av serviceinnstilling og kan representere avdelinga på ein god måte utad
  • Som er løysings- og samarbeidsorientert, men samtidig kan arbeide planmessig og sjølvstendig

Vi tilbyr:

  • Løn etter stillingskode som driftsoperatør(kode 1216) i LR03.3, med min. ltr. 25(for tida kr. 333 000 brutto i full stilling) etter tjenesteansiennitet. For særlig kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert. I tillegg utbetales helgetillegg per time (pt. 55,- per time).
  • Nødvendig opplæring vil blir gitt
  • Utlevering av arbeidstøy
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonssjef Jan-Terje Nygaard, mobil 915 64 650, e-post: jan-terje.nygaard@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS