Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vitskapleg assistent på ordbokprosjekta – sommar jobb

Søknadsfrist: 24.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig minst to mellombelse 100 %-stillingar som vitskaplege assistentar sommaren 2020. Arbeidet er knytt til prosjekta Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) og Norsk Ordbok, revisjon og oppdatering av alfabetbolken a–h (NO-AH). Oppstartsdatoen er fleksibel, men lengda på tilsetjinga er 8 veker. Arbeidsstad er Universitetet i Bergen.

Universitetet i Bergen og Språkrådet eig Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk ordbank i fellesskap. Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbok.uib.no) er dei mest brukte norske ordbøkene med 150 000 søk i døgnet, og dei er dessutan dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Norsk ordbank er ein database over ord med alle bøyingsformer i bokmål og nynorsk. Grammatikkopplysningane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka blir henta frå ordbanken, og han blir dessutan brukt i Oslo-Bergen-taggaren og andre språkteknologiske verktøy, som stavekontrollar.

Norsk Ordbok (no2014.uib.no) er eit tolvbands ordbokverk over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet. NO-AH er eit prosjekt i oppstartsfasen ved UiB, og det har som formål å revidere og oppdatere alfabetbolken a–h, som per i dag ikkje ligg tilgjengeleg på nett.

Dei som blir tilsette som vitskaplege assistentar, får ulike oppgåver knytte til Revisjonsprosjektet og/eller NO-AH. Somme av oppgåvene støttar på ulikt vis opp om dei tre hovudoppgåvene i Revisjonsprosjektet: sørgje for at definisjonane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka er i tråd med moderne språkbruk, gjere utvalet av oppslagsord likare i dei to ordbøkene og få inn nye ord og tydingar i ordbøkene. Ein del av revisjonsarbeidet er å leggje inn ord og sørgje for at grammatikkopplysingane i Norsk ordbank er korrekte. Andre oppgåver kan vere knytte til NO-AH og kjeldegrunnlaget for Norsk Ordbok.

Moglege arbeidsoppgåver:

  • leggje inn fleire ord med grammatiske opplysningar i Norsk ordbank
  • revidere eksisterande oppføringar i Norsk ordbank
  • revidere eksisterande ordbokartiklar
  • lage nye ordbokartiklar
  • gjennomgå kjeldegrunnlag til Norsk Ordbok
  • datalingvistiske oppgåver
  • delta på redaksjonsmøte

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha utdanning på minst bachelornivå eller tilsvarande i nordisk språk, lingvistikk eller anna relevant språkfag.
  • Du må meistre både bokmål og nynorsk svært godt.
  • Erfaring med redigeringsverktøy og tekstkorpus er ein fordel.

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett, blir del av ei redaksjonsgruppe på eit felleskontor og må

  • vere sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • vere nøyaktig
  • vere fleksibel og initiativrik
  • ha gode samarbeidsevner

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Vi tilbyr:

  • opplæring i redaksjonelle praksisar og aktuelle oppgåver
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn tilsvarande lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (396 700 for full stilling) og lønssteg 51 for dei med mastergrad (456 000 for full stilling). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalda:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • karakterutskrifter eller vitnemål frå vidaregåande opplæring og høgare utdanning
  • relevante attestar

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte prosjektleiar Margunn Rauset, e-post Margunn.Rauset@uib.no eller pr. tlf. 55 58 24 63. Meir informasjon om Revisjonsprosjektet finn du her: https://www.uib.no/lle/revisjonsprosjektet

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS