LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent i digital kultur - 20 % mellombels

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent i digital kultur

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei mellombels 20 % stilling som vitskapleg assistent. Startdato er 15. september 2021 eller etter avtale, og sluttdato er 20. juni 2022. Det kan bli aktuelt med forlenging.

Stillinga er knytt til det ERC-finansierte prosjektet Machine Vision in Everyday Life: Playful Interactions with Visual Technologies in Digital Art, Games, Narratives and Social Media. Professor Jill Walker Rettberg leiar prosjektet. Prosjektet utviklar ei kulturell forståing av maskinsynteknologi (som andletattkjenning, hologram og deepfakes) gjennom analysar av litteratur, film, dataspel og digital kunst, i kombinasjon med etnografiske studiar av brukarar og utviklarar av teknologien.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid for vitskaplege assistentar kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

Den som vert tilsett skal støtte forskarteamet med t.d. å søkje etter litteratur og skrive samandrag av relevant forsking og fagleg utvikling, bidra til forskingsformidling på web og i sosiale medium, ordne innkalling og referat frå møter i forskingsteamet, arbeide med datasett i rekneark og databasar, organisere seminar og andre arrangement og ha kontakt med tilreisande gjesteforskarar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjaren må ha bachelorgrad i digital kultur eller eit anna relevant fag, som t.d. medievitskap, kunsthistorie, litteraturvitskap og andre litteraturfag, kulturvitskap eller antropologi.
  • Forsking (t.d. eit masterprosjekt eller semesteroppgåver) med relevans for prosjektet er ein føremon.
  • Fagleg eller personleg erfaring med mangfald og minoritetskulturar er ein klar føremon då forskingsprosjektet mellom anna utforskar diskriminering i maskinsyn og kunstig intelligens.
  • Erfaring med administrasjon, koordinering eller formidling frå arbeidsliv eller frivillige organisasjonar er ein føremon.
  • Kandidaten må kunne arbeide sjølvstendig, velorganisert og dessutan ha gode samarbeidsevner.  
  • Søkjaren må ha gode kunnskapar i engelsk og norsk.

I vurderinga av søkjarane vert hovudvekta lagt på relevant erfaring og på kvaliteten i søknaden og relevansen for forskinga i Machine vision-prosjektet. Dersom dei rangerte søkjarane har tilnærma like kvalifikasjonar, vil det òg bli lagt vekt på strategiske omsyn, motivasjon og i kva grad søkjaren er personleg eigna. 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø  
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020, kr. 467.900 brutto per år for full stilling), lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019, kr. 407.500 brutto per år for full stilling)
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse  
  • Stilling i ei IA-verksemd (Inkluderande arbeidsliv)  
  • Gode velferdsordningar  

Slik søkjer du stillinga 

Søknaden skal sendast elektronisk innan søknadsfristen via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida, og må skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk. Søkjaren må fylle ut det elektroniske cv-skjemaet, og søknaden må innehalda:

  • Ein kort presentasjon av søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og personlege eigenskapar og motivasjonen for å søkje stillinga.  
  • Namn og kontaktinformasjon til to referansar.  
  • CV
  • Karakterutskrift og vitnemål som dokumenterer høgare utdanning  
  • Relevante stadfestingar og attestar.

Søknaden og vedlegg med stadfeste omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word eller Pdf-format.  

Generell informasjon

Meir informasjon om stillinga kan ein få frå professor Jill Walker Rettberg, e-post jill.walker.rettberg@uib.no, som er leiar av Machine Vision-prosjektet.  

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.  Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.  

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS