LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst

Søknadsfrist: 08.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent (50 %) i samtidskunst

Ved Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst er det ledig ei mellombels 50 % stilling som vitskapleg assistent for to år knytt til bachelorprogrammet i samtidskunst.

Vi søker etter ein vitskapleg assistent som i hovudssak vil ha oppgåver knytt til koordinering av bachelorprogrammet i samtidskunst. Assistenten vil få delta i ei spennande fase for programmet og inngå i eit dynamisk undervisningsmiljø og få gode utviklingsmoglegheiter.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den faglege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i kunstnarleg utviklingsarbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av undervisningsforløp og studietilbod på Kunstakademiets bachelorprogram
  • Samarbeid med den tilsvarande programassistenten på Kunstakademiets masterprogram
  • Bidra til ei vidareutvikling av programmet og i området sine støttefunksjoner
  • Ha kjennskap til relevante emner som er aktuelle og viktig for KMD si utvikling på feltet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Mastergrad, fortrinnsvis innan for samtidskunst
  • God språkkunnskap og formuleringsevne i engelsk, munnleg og skriftlig
  • Arbeide sjølvstendig, vere ansvarsbevisst og fleksibel
  • Vere serviceinnstilt og imøtekommande
  • Ha gode samarbeidsevner og ei strukturert arbeidsform

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som vitenskapeleg assistent (kode 1020) etter lønssteg 42 - 47 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 407 900 - 439 900 brutto i fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • Vitnemål som visar at du har relevant utdanning
  • Relevante attestar
  • Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Frans Jacobi, e-post: Frans.Jacobi@uib.no eller telefonnr. +47 55 58 74 88

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS