Vitskapleg assistent - Institutt for sosialantropologi
Søknadsfrist: 08.02.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitenskapeleg assistent
Ved Institutt for sosialantropologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode på eit år, med mogleg forlenging.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
50% av stillinga er knytt til Global Research Programme on Inequality, 25% til prosjektet Enclaving og 25% til assistanse for instituttleiar. Stillinga inkluderer oppdatering og utvikling av nettsider og sosiale media (Facebook, Twitter, YouTube), samt oppgåver i samband med workshoper, seminar, konferansar, innsamling og organisering av datamateriale, publikasjonar, tekstredigering og anna fagleg verksemd.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad i sosialantropologi.
God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT – kompetanse. Ynskjeleg med kjennskap til WordPress og erfaring med videoredigering og visuell framstilling.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn etter lønssteg 51 ved tilsetjing (Lpl.17.515/ 1020). For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Medlemskap i Statens Pensjonskasse
Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge.
Søknadsfrist: 8.2.2021.
Søknaden skal merkast 21/949.
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til i:
Itituttleiar Ståle Knudsen, stale.knudsen@uib.no, telefon 55 58 92 80
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent HR Jannicke Lervik, Jannicke.Lervik@uib.no, +47 55 58 90 11.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.