LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Søknadsfrist: 23.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent knytt til ALAN-prosjektet

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium er det ledig ei mellombels 20 %-stilling som vitskapleg assistent i perioden 1. august 2021 til 31. juni 2022. Arbeidsmengda per veke vil variera gjennom prosjektperioden. I tillegg vil opplæring bli gitt på timebasis i mai/juni 2021.

Stillinga er knytt til prosjektet Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN) finansiert av Norges forskningsråd. Prosjektet er eigd av Universitetet i Bergen med Høgskolen i Østfold som samarbeidspartnar. Arbeidet består av datainnsamling og transkribering av munnlege data.

Denne stillinga er knytt til innsamling av data i Østfold og til transkribering av data. Det er opning for å dele stillinga opp i to stillingar á 10 %. For kandidaten som får tilbud om stilling vil det då vera mogleg å velje ei stillingsstørrelse på 10 %.

Adult Acquisition of Norwegian as a second language (ALAN)

I ALAN-prosjektet vil ein studere tidleg andrespråkslæring blant vaksne innlærarar utan høgare utdanning frå heimlandet. Det overordna føremålet er å utforske korleis denne gruppa vaksne innlærarar utviklar kommunikative ferdigheiter i andrespråket norsk i løpet av det første året med formell opplæring. For å kunne svare på det vil ein studere utviklinga av språket innanfor tre område: grammatikk, vokabular og pragmatikk. I tillegg til at prosjektet vil beskrive og forstå korleis språket innanfor dei enkelte områda veks fram, er viktige mål å studere korleis utviklinga innanfor desse områda interagerer, og korleis desse ulike ferdigheitene verkar inn på den overordna evna til å kommunisere på andrespråket. Det vil bli samla data på to ulike stader i Noreg som ligg i to dialektområde, Bergen og Østfold, for å også kunne undersøkje om, korleis og i kva grad talemålsvariasjonen i målspråket norsk påverkar tileigninga av norsk som andrespråk.

Ved hjelp av ulike metodar (narrativar, kommunikasjonsoppgåver, elisiteringsoppgåver og intervju) vil det i ALAN-prosjektet bli samla inn og analysert ulike typar av munnleg og skriftleg andrespråksdata. Delar av det innsamla materialet vil leggje grunnlaget for utvikling av eit nytt andrespråkskorpus, Munnleg andrespråkskorpus (MASK) utvikla i samarbeid med CLARINO, UiB.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av datainnsamling hausten 2021 og våren 2022 i Østfold blant deltakarar i den statlege opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
  • Transkripsjon av munnleg innsamla materiale

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Studiepoeng i språklege tema innanfor relevante fagdisiplinar (fortrinnsvis innanfor norsk som andrespråk, norsk, nordisk eller lingvistikk) eller studiepoeng innanfor andre typar studium som fokuserer på fleirspråklegheit (t.d. i pedagogikk eller spesialpedagogikk).
  • Svært gode kunnskapar om og ferdigheiter i norsk, skriftleg og munnleg
  • Personleg eigna til å samla inn og transkribera data i den aktuelle målgruppa

Følgjande erfaringar blir rekna som ein fordel:

  • Erfaring med undervisning i norsk som andrespråk (barn eller vaksne)
  • Erfaring med innsamling og handtering av data, særleg språklege data og særleg data frå ein andrespråkskontekst
  • Erfaring med analyse av språkleg datamateriale, særleg munnlege data, og særleg andrespråksproduksjon

Personlege eigenskapar:

  • Vera sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Vera nøyaktig
  • Vera fleksibel og initiativrik
  • Ha gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn tilsvarande lønssteg 51 for dei med mastergrad (kode 1020, kr. 458.500 brutto per år for full stilling), lønssteg 42 for dei med bachelorgrad (kode 1019, kr. 398.400 brutto per år for full stilling), og lønssteg 35 for dei utan fullført grad (kode 1018/LR02, kr. 364.000 brutto per år for full stilling). For særskilt kvalifiserte kandidatar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • CV
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad
  • Relevante attestar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Ann-Kristin Helland Gujord ved Universitetet i Bergen, tlf. 55 58 24 57, e-post: ann-kristin.gujord@uib.no eller
  • Førsteamanuensis Åshild Søfteland ved Høgskolen i Østfold, tlf. 98 47 37 90, e-post: ashild.softeland@hiof.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om elektronisk søknadsprosedyre kan sendast på e-post til Det humanistiske fakultet: fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 23.05.2021

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS