LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapeleg assistent (inntil 50%) - Institutt for informatikk

Søknadsfrist: 25.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei inntil 50% stilling som vitskapeleg assistent knytt til Center for Data Science (CEDAS). Stillinga er for ein åremålsperiode på to år.

Center for Data Science ved Universitetet i Bergen er eit tverrfagleg senter som fokuserer på forsking og utdanning i sentrale aspekt av Data Science og Kunstig Intelligens. Senterets innsats involverer maskinlæring, algoritmisk problemstillingar, visual data science, statistikk, bioinformatikk og åtferdsvitskap.

Stillinga som vitskapeleg assistent er ei rekrutteringsstilling som via assistanse og støtte til vitskapeleg og administrativ stab vil gi høve til innsikt i vitskapeleg og forskingsadministrativt arbeid og metode. Den som vert tilsett kan ikkje tidlegare ha vært tilsett i stipendiatstilling eller ha oppnådd tilsvarande kompetanse.

Stillingsprosenten er berekna til 50%, men det kan og vere aktuelt å tilsette i ein lågare stillingsprosent om ein til dømes vil kombinere stillinga med vidare studiar. Det kan bli aktuelt å tilsetje i kode 1020 dersom den aktuelle søkjaren har mastergrad.

Om instituttet

Digitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har i dag om lag 900 studentar, 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar. CEDAS utgjer ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.

Om arbeidsmiljø og arbeidsoppgåver

Den vitskaplege assistenten rapporterer til leiar for forskingsseksjonen som dagleg arbeidsleiar og til administrasjonssjefen i personalmessig samanheng. Den som vert tilsett vil og ha tett kontakt med CEDAS sin leiar og resten av den faglege staben med tilknyting til senteret.

Arbeidsoppgåvene til den vitskaplege assistenten er knytt til assistanse til drift og utvikling av CEDAS.

Døme på oppgåver:

  • Delta i forskingsadministrasjon av CEDAS
  • Arrangementstøtte i forbindelse med planlegging og gjennomføring av interne møter, nettverksaktiviteter, konferansar og liknande
  • Formidling av resultat og aktivitet på nettsider og i sosiale media
  • Praktiske oppgåver knytt til merkevarebygging
  • Bidra til skriving av senteret sin årsrapport, inkludert litteratursøk og gjennomgang
  • Bidra til kartlegging av senteret si fagleg verksemd i nasjonal og internasjonal samanheng
  • Andre arbeidsoppgåver knytt til CEDAS kan også verte tillagt stillinga og endringar i stillinga over tid må påreknast

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd minimum bachelorgrad eller tilsvarande utdanning i informatikk, IKT, digital kultur eller relatert disiplin.
  • Relevant erfaring frå produksjon og vedlikehald av nettsider og sosiale media er ein føremon.
  • Du må ha interesse og entusiasme for kommunikasjon, formidling og forskingsnært administrativt arbeid.
  • Du må ha gode skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagt, mellom anna:

-gode kommunikasjons- og formidlingsevner skriftleg og munnleg

-evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og effektivt

- gode samarbeidsevner

-fleksibilitet og god serviceinnstilling

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som vitenskapeleg assistent (kode 1019) etter lønssteg 40 - 46 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 396 900 – 431 900. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om din bakgrunn og motivasjonen for stillinga.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål
  • relevante attestar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 25. august 2021.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med HR-konsulent Lene Sørheim.

Ansettelse er underlagt godkjenning i henhold til loven om eksportkontroll

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS