LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitenskapelig assistent innen datalingvistikk og maskinlæring

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent (mellombels)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (UiB) har vi ei ledig 50 % stilling som vitskapleg assistent for en periode på inntil 18 måneder. Stillinga er knytt til EEA-prosjektet Academic Writing in the Baltic States (BWrite), og i prosjektet treng vi ein vitskapleg assistent med bakgrunn frå datalingvistikk og som helst også har noko erfaring med maskinlæring.

Arbeidsoppgåver:

  • Bruke maskinlæring for å finne stilistiske og språklige trekk ved akademiske tekstar.
  • Bruke maskinlæring for å finne og analysere grafisk layout ved akademiske tekstar.
  • Visualisere resultat.
  • Bruke statistiske metodar for å vurdere resultat.
  • Bruke lingvistiske metodar for analyse av tekst.
  • Presentere resultat ved internasjonale konferansar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Bachelorgrad i relevant fagfelt
  • Bør ha praktisk erfaring med maskinlæring.
  • Bør ha dokumentert kompetanse innan maskinell analyse av språk.
  • Bør ha formell kompetanse innan statistikk for kognisjonsvitskap.
  • Bør ha formell kompetanse innan eksperimentell psykolingvistikk.
  • Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg engelsk, og helst eit anna EU-språk, både skriftleg og munnleg, ettersom prosjektet inneber internasjonalt samarbeid mellom dei baltiske statane, Noreg og Storbritannia.

Personar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har doktorgradskompetanse, kan ikkje søkje stillinga. Samla tilsettingstid i stilling som vitskapleg assistent kan ikke vere meir enn to år.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapleg assistent (1019) i lønssteg 42 for kandidater med bachelorgrad, for tida 398 400,- i full stilling før skatt per år. Kandidatar med mastergrad vert tilsett som vitskapelg assistent (1020) i lønssteg 51, for tida 458 500,- i full stilling før skatt per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde

  • Ei utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Karakterutkskiftar eller vitnemål
  • Relevante attestar

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS