Vil du bidra til UiBs satsing på ekstern finansiering? Vi søker rådgjevar innan prosjektøkonomi
Søknadsfrist: 10.12.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om Økonomiavdelinga her: https://www.uib.no/oka
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga
Universitetet i Bergen (UiB) er eit by-universitet med campus midt i Bergen sentrum. Vi har nær 21 000 studentar og rundt 4 200 tilsette, og ein sterk internasjonal profil som gir tett samarbeid med universitet over hele verden.
Økonomiavdelinga har ansvar for å utforme UiBs økonomiske retningslinjer og sikre god økonomiforvaltning. Avdelinga har ca. 85 medarbeidarar og jobbar med budsjett, innkjøp, lønn, rekneskap, prosjektøkonomi, kvalitetssikring og utvikling av administrative system.
UiB satsar strategisk på å auke sin eksternt finansierte prosjektportefølje, som i dag er på ca. 1,3 milliardar kroner. Som rådgjevar blir du ein del av eit team på 10 medarbeidarar i Seksjon for prosjektøkonomi, og du vil samarbeide tett med forskarar og BOA-teamet (Bidrag og Oppdragsaktivitet) på tvers av fagmiljø.
Du får varierte oppgåver i alle prosjektfasar – frå søknadsarbeid til avslutning – og moglegheit til å bidra til digitalisering og utvikling av prosessar. Rolla gir unik innsikt i spennande forskingsprosjekt nasjonalt og internasjonalt.
Arbeidsoppgåver
Økonomisk og administrativ rådgiving for eksternfinansierte prosjekt
Systemekspert på søknads- og prosjektmodulen i Unit4
Fagekspert på utvalde finansieringskjelder
Financial manager for EU-koordinatorprosjekt
Gjennomføre internkontrollar og revisjonar
Bidra til digitalisering og prosessutvikling innan prosjektøkonomi
Opplæring av prosjektleiarar, økonomar og rådgjevarar
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Kvalifikasjonskrav
Høgare utdanning innan økonomi/administrasjon (fortrinnsvis master). Lang, relevant erfaring kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særskilte tilfelle kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring med økonomioppfølging og rådgiving i større verksemder (gjerne 5 år eller meir)
Evne til å forstå komplekse regelverk
Svært gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Solid regnskaps- og tallforståing
God digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar
Kjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd
Erfaring med Unit4 eller tilsvarande ERP-system
Personlege eigenskapar
Motivasjon for økonomi og administrasjon i forskingsprosjekt
Serviceinnstilt, initiativrik og samarbeidsorientert
God formidlingsevne og trygg i opplæringsrollen
Sjølvstendig og strukturert, med evne til å handtere mange oppgåver samtidig
Vi tilbyr
Spennande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gunstige låne- og forsikringsordningar
Lønn som rådgjevar (kode 1434) kr. 700 000 - kr. 820 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særskilt kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Karrieremoglegheiter
Hos UiB får du gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. Vi tilbyr:
Kompetanseutvikling og kurs gjennom UiBs interne opplæringsprogram
Karrierevegar innan økonomi, prosjektleiing og forskingsadministrasjon
Eit stort fagleg nettverk på tvers av avdelingar og samarbeid med nasjonale og internasjonale aktørar
Intern mobilitet i ein organisasjon med mange spennande stillingar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan innhentast ved å kontakte seksjonsleiar Kari Eidsheim på telefon 41 50 64 22 eller via e-post: kari.eidsheim@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.