Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
...
(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)
Universitetslektor II i engelsk fagdidaktikk: tre stillingar i fem prosent kvar
Vi søkjer engasjerte og fagleg sterke kandidatar til tre åremålsstillingar (ekstraerverv) som universitetslektor II i engelsk fagdidaktikk ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Åremålsstillingane er på fem prosent kvar, og tilsetjingsperioden er på to år. Planlagd oppstart er 1. september 2026.
Eit krav for tilsetjing i ekstraerverv er at ein har ei hovudstilling (minst 50 %) utanfor Universitetet i Bergen i heile åremålsperioden.
Om instituttet og faget:
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Engelsk er det største faget ved instituttet med fjorten fast vitskapleg tilsette og fleire stipendiatar. Stillingane fordeler seg på disiplinane litteratur, lingvistikk og fagdidaktikk. På fagdidaktikk-disiplinen er det fire fast tilsette i vitskaplege stillingar.
Arbeidsoppgåver
Dei som blir tilsette, skal gjennomføre praksisbesøk for å følgje opp engelskstudentar ved vidaregåande skular i Bergensområdet.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskaper
Søkjaren må ha:
Norsk mastergrad eller tilsvarande innan engelsk eller engelsk fagdidaktikk
Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande
Relevant yrkeserfaring frå det norske skuleverket, inkludert oppfølging av studentar i praksis
Svært gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det er ein føremon med:
Vitskaplege arbeid utover masteroppgåva
Det blir lagt særleg vekt på god samarbeidsevne og evne til å hjelpe studentar med å forstå praktisk bruk av teori og empiri i engelskfagdidaktikk. Personlege eigenskapar blir vektlagde i vurderinga.
Tilsetjing i stillinga krev at ein følger gjeldande retningslinjer ved Universitetet i Bergen.
Ein arbeidsstad i hjartet av Bergen – nær både byliv og natur.
Løn som universitetslektor (kode 1009), som for tida svarar til ei brutto årsløn på kr 625 500–665 500 i full stilling. Vidare lønsopprykk etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Medlemskap i Statens pensjonskasse, som inneber ei trygg tenestepensjonsordning, høve til uføre- og etterlatnepensjon, og tilgang til gunstige bustadlån.
Slik søkjer du stillinga
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA»på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Under «Søknadstekst»: Skriv kort om motivasjonen din for stillinga. Vi treng òg informasjon som stadfester at du har ei anna hovudstilling i minst femti prosent. Det er dessutan interessant med nærare informasjon om korleis du reint praktisk planlegg å kombinera skulebesøka med hovudstillinga di.
Under «CV», gi informasjon om:
Personalia.
Erfaringar og kvalifikasjonar(fyll inn i dei seksjonane som er relevante for deg). Publikasjonar/vitskaplege produksjonar (publikasjonsliste) kan leggjast ved som eit separat dokument dersom ønskjeleg.
Språkferdigheiter.
Minst tre referansepersonar. Personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar vil vere særleg relevante.
Under «Vedlegg» skal du laste følgjande opp som separate dokument:
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk erfaring).
Vitnemål som dokumenterer fullførte grader (skal lastast opp frå Vitnemålsportalen, eller skanna versjon av originalar/rettkjende kopiar av alle vitnemål frå høgare utdanning) og relevante attestar.
Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding på eiga undervisning.
Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorgeinnan søknadsfristen.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte Kimberly M.Skjelde, e-post kimberly.skjelde@uib.no eller telefon 55 58 22 77.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.