LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid – Virtual reality

Søknadsfrist: 21.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Institutt for design er det ledig stilling som stipendiat (100 %) i kunstnarleg utviklingsarbeid. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, med 25 % pliktarbeid. Pliktarbeidet kan vere i form av undervising, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Det føreslegne prosjektet må være ei undersøking av kommunikasjon og narrativitet i forhold til og ved bruk av virtual reality (VR). Personen som får stillinga vil være engasjert i utviklinga av eit av avdelingas satsingsområde; menneskesentrert teknologi i eit kritisk perspektiv.

Bakgrunn

VR tilbyr ein grunnleggjande ny og annleis måte å inkludere eit publikum i ei fortelling. Samanlikna med tradisjonell lineær historieforteljing og spelstrukturar, kan VR i større grad inkludere eit altomfattande førstepersonsperspektiv, der interaksjon, rom, tid og persepsjon vert inkludert og utfordra. Dette krev ei ny forståing av narrativitet. Med utgangspunkt i VR bør forteljande strukturar utforskast grundig.

Søknad

Vi ser etter prosjekt sentrert rundt spørsmål knytt til narrativitet, som også inkluderer estetiske og etiske perspektiv. Det overordna målet bør vere å undersøkje korleis visuelt språk kan få ny meining gjennom VR-opplevingar.

Søknaden må presentere ei skisse av temaet for forskinga, den kunstnarlege og teoretiske konteksten, og beskrive studiens metodikk og bruk av teknologi. Ei skildring av ein serie eksperiment og ein foreløpig plan for korleis ein kan utvikle prototypar eller inkludere ulike media er velkomen. Det endelege prosjektet skal ta form som installasjonar i ein designkontekst og inkludere skriftleg refleksjon rundt dei kunstnarlege resultata.

Søkjarane blir bedne om å orientere seg om profilen i kunstnarisk utviklingsarbeid ved institutta og fakultetet i utforminga av prosjektet, sjå her.

Prosjektskildringa:

Prosjektskildringa skal plassere prosjektet i eit fag/forskingsfelt, og framstille tema, problemstillingar, kontekst, metode, og val av arbeids- og presentasjonsformer. Prosjektskildringa skal godtgjere prosjektet si plassering i og relevans for fagmiljøet ved institusjonen, og gjere greie for særlege behov for faglege og materielle ressursar, samt eventuelle rettslege og etiske problemstillingar. Du må opplyse om potensielle samarbeidsinstitusjonar og -partnarar. Vi ber òg om ein separat framdriftsplan for ulike delar av arbeidet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha mastergrad i design eller tilsvarande utdanning, for eksempel arkitektur eller film. Graden må vere fullført innan søknadsfrist.
  • Søkjarar må ha erfaring med kunstnarleg praksis og produksjon på høgt nivå.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensiale vil også telle ved vurdering av kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Universitetet i Bergen.

Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillinga, og kan strukturerast som ein integrert del av den samla tilsetjingsperioden på 4 år.

Fakultetet vil normalt stille krav om residensplikt.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Løn etter lønssteg 54 (kode 1017/LR20:10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse .
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Prosjektskildring på maksimalt 5 sider/ 20 000 teikn.
  • Dokumentasjon av relevant kunstnarleg verksemd.
  • Dokumentasjon (vitnemål og attestar) av formell fagleg kompetanse
  • Tidsplan.
  • Budsjett og finansieringsplan (sjå nettsida vår).
  • Forslag til rettleiar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk, må ein laste opp i JobbNorge. Det vert ikkje sendt ut skriftleg vurdering av søknadar.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS