LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat (4 år) - Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS)

Søknadsfrist: 29.06.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), ved Pandemisenteret, er det ledig ei stilling som stipendiat (100 %). Stillinga er ledig for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt 4 månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire år. Pliktarbeidet (25%) kan til dømes vere undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet. To tredjedelar av pliktarbeid vil vere knytt til Pandemisenteret, og ein tredjedel til IGS. Kandidaten vil vere basert ved IGS og forventas å jobbe ein del av tida på Pandemisenteret ved Alrek helseklynge i Bergen.

Stillinga er knytt til prosjektet: “Nobody is safe before everybody is safe. Understanding adherence to and consequences of following recommendations to mitigate COVID-10 pandemic among migrants”, finansiert av Universitetet I Bergen.

Pandemisenteret

Pandemisenteret er eit uavhengig senter ved Universitetet i Bergen (UiB), administrativt forankra ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin og tematisk ein del av UiB si satsingsområde Globale Samfunnsutfordringar (GSU). Visjonen til senteret er å produsere, undervise og dele samfunnsrelevant kunnskap for førebygging og handtering av pandemiar i eit langsiktig perspektiv. Senteret har som føremål å initiere og leggje til rette for tverrfagleg forsking- og utdanningssamarbeid om tema relatert til pandemiar.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Hovudmålet med denne studien er å auke vår forståelse av dei underliggande individuelle og strukturelle faktorane for å forklare forskjellar i åtferd under COVID-19-pandemien mellom migrantar og majoritetsbefolkninga når det gjeld etterleving av anbefalingar og konsekvensar. Ph.d.-studenten vil jobbe tett med forskarar med ulik vitskapeleg bakgrunn innan Pandemisenteret, inkludert ph.d.-studentar frå andre felt.

Hovudarbeidsoppgåvene vil vere å:

  • utvikle ein tverrfagleg forståing av den breie effekten av COVID-19 på helsa til migrantar
  • utføre avanserte statistiske analysar av langsgåande data
  • organisere og gjennomføre kvalitativ forsking blant migrantar
  • skrive akademiske artiklar og rapportar
  • formidle resultantane til beslutningstakarar og andre interessentar
  • bidra til utviklinga av det tverrfaglege arbeidet ved Pandemisenteret
  • vedlikehalde og utvikle nettsida til prosjektet

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha fullført legeutdaning eller ha mastergrad eller tilsvarande i innvandrarhelse, folkehelse eller internasjonal helse
  • Søkjar må ha erfaring frå relevante forskingsprosjekt, spesielt prosjekter om migrantar og pandemiar vil verte prioritert
  • Søkjar skal kunne arbeide sjølvstendig på ein strukturert måte, og ha evne til å samarbeide med andre
  • God skriftleg og munnleg engelsk, og minst grunnleggande norskkunnskapar - sjå dokumentasjonskrav
  • Søkjar må ha litt erfaring både med statistiske analyser og kvalitativ forsking
  • Erfaring med å vedlikehalde og koordinere nettstader vil verte vurdert positivt
  • Erfaring med å legge til rette for utvikling og organisering av digitale møter og kurs vil verte sett på som positivt

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil verte vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telle når man vurderar søkjarane.

Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor og master) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Forskarutdanning:

Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gå inn i eit godkjend opplegg for ein doktorgrad innafor ei tidsramme på 3 år, utan andre pålagte arbeidsoppgåver ved instituttet. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter start i stillinga. Opptak i fakultetet sitt ph.d.-program er ein føresetnad for tilsetjing i stillinga.

Stipendiatstilling:

Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017/lønnsramme 20.10) for tida kr. 491 200 i lønsregulativet til staten. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling lønssteg 56 for tida kr 507 600, for søkjarar med spesialistutdanning lønssteg 59 for tida kr 534 400
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
  • en kort beskrivelse av hvordan du tror du kan bidra til utviklingen av Pandemisenteret
  • karakterutskrifter og vitnemål (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • søkarar med utanlandsk utdanning (bachelor og master) må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell vurdering av høgare utdanning. Har du ikkje fått svar innan søknadsfristen, kan du leggje ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din
  • dokumentasjon på engelsk-kunnskapar
  • ei fullstendig liste over publikasjonar og eventuelle andre faglege arbeid du vil det skal takast omsyn til
  • eventuelle publikasjonar med deg som forfattar eller medforfattar (pdf)
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS