LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Sommarjobb som vitskapleg assistent på ordbokprosjekta

Søknadsfrist: 29.04.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Sommarjobb som vitskapleg assistent på ordbokprosjekta ved UiB

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig inntil fire mellombelse 100 %-stillingar som vitskaplege assistentar sommaren 2021. Arbeidet er knytt til prosjekta Revisjon av Bokmålsordboka og Nynorskordboka (Revisjonsprosjektet) og Norsk Ordbok a–h (NO-AH). Oppstartsdatoen er fleksibel, og maksimal lengde på tilsetjinga er 8 veker. Arbeidsstad er Universitetet i Bergen.

Universitetet i Bergen og Språkrådet eig Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk ordbank i fellesskap. Bokmålsordboka og Nynorskordboka (ordbok.uib.no) er dei mest brukte norske ordbøkene med 160 000 søk i døgnet, og dei er dessutan dei einaste fritt tilgjengelege ordbøkene som viser den fulle breidda av normerte former i norsk. Norsk ordbank er ein database over ord med alle bøyingsformer i bokmål og nynorsk. Grammatikkopplysningane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka blir henta frå ordbanken, og han blir dessutan brukt i Oslo-Bergen-taggaren og andre språkteknologiske verktøy, som stavekontrollar.

Norsk Ordbok (no2014.uib.no) er eit tolvbands ordbokverk over norsk talemål og det nynorske skriftmålet. NO-AH er eit prosjekt i oppstartsfasen ved UiB, og det har som formål å revidere alfabetbolken a–h, som per i dag ikkje ligg tilgjengeleg på nett. Norsk Ordbok er ei dokumentasjonsordbok bygd på språkressursar som er kopla saman på ulikt vis. Desse samlingane og databasane krev vedlikehald og oppdatering.

Dei som blir tilsette som vitskaplege assistentar, får ulike oppgåver knytte til Revisjonsprosjektet og/eller NO-AH. Somme av oppgåvene støttar på ulikt vis opp om dei tre hovudoppgåvene i Revisjonsprosjektet: sørgje for at definisjonane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka er i tråd med moderne språkbruk, gjere utvalet av oppslagsord likare i dei to ordbøkene og få inn nye ord og tydingar i ordbøkene. Ein del av revisjonsarbeidet er å leggje inn ord og sørgje for at grammatikkopplysingane i Norsk ordbank er korrekte. Andre oppgåver er knytte til NO-AH og kjeldegrunnlaget for Norsk Ordbok.

Moglege arbeidsoppgåver:

  • leggje inn fleire ord med grammatiske opplysningar i Norsk ordbank
  • revidere eksisterande oppføringar i Norsk ordbank
  • revidere eksisterande ordbokartiklar på bokmål og nynorsk
  • lage nye ordbokartiklar på bokmål og nynorsk
  • gjennomgå kjeldegrunnlag til Norsk Ordbok
  • kryssjekk og sitatkontroll av artiklar til Norsk Ordbok
  • datalingvistiske oppgåver
  • delta på redaksjonsmøte

Kvalifikasjonar:

  • Du må ha utdanning på minst bachelornivå eller tilsvarande i nordisk språk, lingvistikk eller anna relevant språkfag.
  • Du må meistre både bokmål og nynorsk svært godt
  • Erfaring med redigeringsverktøy og tekstkorpus er ein fordel

Personar som tidlegare har vore tilsette i stipendiatstilling eller har doktorgradskompetanse, kan ikkje søkje stillingane.

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett, blir del av ei redaksjonsgruppe på eit felleskontor og må

  • vere sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • vere nøyaktig
  • vere fleksibel og initiativrik
  • ha gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • opplæring i redaksjonelle praksisar og aktuelle oppgåver
  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn som vitskapleg assistent (1019) i minimum lønssteg 42 for kandidater med bachelorgrad, for tida 398 400,- i full stilling før skatt per år. Kandidater med mastergrad vert tilsett som vitskapleg assistent (1020) i minimum lønssteg 51, for tida 458 500 i full stilling før skatt per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Slik søkjar du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • karakterutskrifter eller vitnemål frå vidaregåande opplæring og høgare utdanning
  • relevante attestar

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte:

Meir informasjon om dei to prosjekta finn du her og her.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål til den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 29. april 2021

SØK STILLINGEN

Powered by Labrador CMS