Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannpleiar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi – Tannpleiarutdanninga - er det ledig ei fast stilling som instruktørtannpleiar (40 %) med snarast mogleg tilsetjing. Stillinga kan delast opp.
Den som vert tilsett vil i tillegg til undervisning ved Seksjon for førebyggjande tannhelse måtte rekne med undervisning ved andre seksjonar ved Institutt for klinisk odontologi.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å førebu og gjennomføre teoretisk og praktisk undervisning av studentar, samt rettleiing av studentar under arbeid med pasientar i klinikken.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar , bachelor i tannpleie og relevant klinisk erfaring
erfaring med undervisning av tannpleiestudentar og pedagogisk utdanning er ønskjeleg
den som vert tilsett må ha gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd
Undervisningsspråket er til vanleg norsk.
Vi kan tilby:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
løn som instruktørtannpleiar etter lønssteg 45-56 etter tenesteansiennitet (kode 1032 LR15) for tida kr 425 600-507 600. For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.