LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannpleiar 40 %

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannpleiar 40 %

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi – Tannpleiarutdanninga - er det ledig eit vikariat som instruktørtannpleiar (40 %) med snarast mogleg tilsetjing.

Den som vert tilsett vil i tillegg til undervisning ved Seksjon for førebyggjande tannhelse måtte rekne med undervisning ved andre seksjonar ved Institutt for klinisk odontologi.

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å førebu og gjennomføre teoretisk og praktisk undervisning av studentar, samt rettleiing av studentar under arbeid med pasientar i klinikken.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og relevant klinisk erfaring
  • erfaring med undervisning av tannpleiestudentar og pedagogisk utdanning er ønskjeleg
  • den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Vi kan tilby:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • løn som instruktørtannpleiar etter lønssteg 45-56 etter tenesteansiennitet (kode 1032 LR15). For særleg kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Overtannpleiar Gro Stenerud, tlf.: 55 58 62 46, e-post: gro.stenerud@uib.no eller
  • Klinikkleiar Neshe Lie, 55 58 66 30, e-post: neshe.lie@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS