LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Instruktørtannlege (2 x 10 %) ved Seksjon for kjeveortopedi

Søknadsfrist: 09.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Instruktørtannlege (2 x 10 %) ved Seksjon for kjeveortopedi

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig to faste stillingar som instruktørtannlege (10 %), med tilsetjing snarast mogleg. Arbeidsplass er for tida ved Seksjon for kjeveortopedi.

Ein føresett at søkjar er under spesialisering i kjeveortopedi ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Instruktørtannlegen skal delta i klinisk undervisning og rettleiing av tannlege- og tannpleiarstudentar og kvalifiseringskandidatar i diagnostikk av malokklusjon, trygdereglar, tilvisingsrutinar og interseptiv behandling. I tillegg skal kandidatane delta i teoretisk undervisning av dei nemnde studentgruppene.

Instruktørtannlegen rapporterer til seksjonsleiar/overtannlege ved Seksjon for kjeveortopedi.

Det kan leggjast andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato, og vere under spesialisering i kjeveortopedi ved Universitetet i Bergen. Det er ønskeleg med erfaring frå allmennpraksis og undervisnings- eller rettleiingserfaring. For å få fast tilsetjing er det eit krav med to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege.

Den som vert tilsett må ha gode kunnskapar i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil personlege eigenskapar verte vektlagd.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • stilling som instruktørtannlege (kode 1015) med startløn for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjar med spesial-/spesialistkompetanse startløn kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Seksjonsleiar ved Seksjon for kjeveortopedi, professor Keijo Luukko, e-post: Keijo.Luukko@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS