Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førstekonsulent (leiarstøtte)
Ved fakultetsadministrasjonen ved Det psykologiske fakultet på Universitetet i Bergen er det ledig ei fast 100 % stilling som førstekonsulent.
Arbeidsoppgåver:
Leiarstøtte for fakultetsleiinga
Støtte til planlegging og gjennomføring av møte og arrangement
Sekretærfunksjon for Fakultetetsstyret og informasjons- og drøftingsutval
Saksbehandling innan studie, HR, forsking og økonomi, inkludert bestilling og innkjøp av varer og tenester
Oppfølging av sak/arkiv-prosessane ved fakultetet, med rettleiing av saksbehandlarar og leiarar
Informasjonsarbeid og administrering av nettsider
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt kontinuerlege utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må ha utdanning på bachelorgradnivå. Relevant praksis, kombinert med relevant etter- og vidareutdanning, kan kompensere for manglande formell utdanning
Vi legg vekt på relevant praksis og god kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
Du har gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på nynorsk, bokmål og engelsk
Du er ein serviceinnstilt og imøtekomande person som kan arbeide strukturert og målretta
Du arbeider sjølvstendig, men er òg god på samarbeid
Du er omstillingsdyktig og initiativrik
Du er motivert for å bli vår nye kollega
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagde.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Løn som førstekonsulent etter lønssteg 46-55 (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr kr 431 900 - 499 500
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV eller personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om nedsatt funksjonsevne eller hol i CV, kan verte brukt til registreringsføremål i Universitetet i Bergen sin inkluderingsdugnad.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.