LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN
Forskingsteknikar (sommarvikarar) - Klinisk institutt 1
Søknadsfrist: 11.04.2021

Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Forskingsteknikar
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Dyreavdelinga, er det ledig fleire vikariat som forskingsteknikar relatert til sommarferieavvikling og evt sjukefråvær. Perioden vil variere frå mai/juni og ut august 2021.
Deltaking i helgevakt kan tilleggast stillinga.
Arbeidsoppgåver:
- Stell og tilsyn av dyr
- Kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk
- Anna førefallande arbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Krav om relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon.
- Kurs i forsøksdyrlære i henhald til forsøksdyrforskrifta sitt krav om slik minimum opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon men ikkje eit krav.
- Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Vi søker ein ansvarsbevisst person som er glad i dyr og folk, og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam i sommar.
- Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar.
- Søkjar må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande.
- God munnleg og skriftleg norsk og engelsk framstillingsevne er eit krav.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Stilling som forskingsteknikar (kode 1512) i lønssteg 35-38 (for tida kr 352 900 – 366 400).
- For særs kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Forskar Aurora Brønstad, [email protected] , telefon 55 97 37 82
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.