Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Vi søkjer etter sesongmedarbeidare (gartnarmedhjelpare) ved Universitetshagene på Milde og i Muséhagen. Er du interessert i planter, natur og hagebruk? Liker du godt å arbeide ute? I perioden april - september trenger vi ekstrahjelp til arbeid i plantesamlingane våre på Milde og i Muséhagen på Nygårdshøyden. Engasjementet kan variere fra fire (4) uker inntil seks (6) månadar. Universitetshagene består av Arboretet, Bergen botaniske hage og Muséhagen som er organisert under Universitetsmuseet ved UiB.
Utfyllande informasjon om Universitetshagene: https://www.uib.no/universitetshagene
Arbeidsoppgåver:
Luking og stell av plantesamlingane
Slått med grasklippar, trimmar og slåmaskiner
Utplanting
Produksjon, stell og vedlikehald av veksthusplanter
Annet gartnararbeid etter behov
Arbeid i helgene kan bli aktuelt, f.eks. å delta aktivt på dei ulike arrangementa
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Gartnerutdanning er ønskeleg, men er ikkje eit krav
Vi søkjer etter deg som er positiv, sjølvstendig, arbeidsvillig med gode samarbeidsevner
Fylt 18 år
God munnleg norsk eller minst eit skandinavisk språk, i tillegg vil gode engelsk kunnskapar telje positivt
Førarkort for bil er ønskeleg, men er ikkje eit krav
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn som fagarbeidar (kode 1117) vert løna med årsløn tilsvarande 421 500 – 462 500 i 100% stilling i det statlege regulativet. Stillinga er plassering i stige, og lønnsplasserast etter dokumentert lønnsansiennitet ved tiltreding, eller løn som fagarbeidar med fagbrev (kode 1203) i årsløn tilsvarande 490 900 - 498 900 i 100% stilling. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
Medlemskap i Statens Pensjonskasse
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-virksomhet)
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: overgartner Mladen Golubovic, telefon +47 94878859 eller e-post mladen.golubovic@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter de retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til et intervju. Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».
Søknaden skal innehalde
Begrunnelse for søknaden
Tidsrommet du kan arbeide - i perioden frå april til og med september
CV med oversikt over utdanning og arbeidserfaring
Relevante attestar (må innehalde tydeleg oversikt over antall dagar og antall timer)
Ved tiltreding i stilling som fagarbeidar (kode 1117) kan innlevering av attester for tidlegare arbeidsforhold utanfor UiB (over 37% stillingsprosent), som samla sett utgjer meir enn eitt års varigheit tilsvarande 100% stilling, medføre justering av lønsplassering.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.