LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overtannlege (70 %, vikariat) ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin

Søknadsfrist: 06.12.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overtannlege (70 %, vikariat) ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig eit vikariat som overtannlege (70 %) ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin i tidsrommet 1. desember 2020 - 18. juni 2021.

Søkjar som ikkje vil arbeide heiltid kan og søkje, då det kan verte aktuelt å dele stillinga opp. Søkjar må opplyse kva stillingsbrøk ein ønskjer.

Arbeidsoppgåver:

Overtannlegen har saman med seksjonsleiar ansvar for den kliniske undervisninga i grunnutdanning for studentar på integrert masterprogram i odontologi. Dette omfattar ansvar for at den kliniske undervisninga av studentar og spesialistkandidatar vert gjennomført etter studieplanar og faglege prinsipp vedtatt av Det medisinske fakultet og Institutt for klinisk odontologi. Oppfølging av studentane sin kliniske progresjon og tilbakemeldingssamtalar på fagklinikken vil vere viktige oppgåver. Vidare sørgje for god pasientbehandling, god ressurs disponering (personell, materialar og utstyr) og god undervisning ved seksjonen, og fagleg oppfølging av fagklinikken sitt personale.

Overtannlegen rapporterer til seksjonsleiar ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin Overtannlegen er saman med seksjonsleiar ansvarleg for at klinikkseksjonen vert drive effektivt og på ein god måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar, system og tildelt budsjett.

Overtannlegen vil normalt få delegert personalansvaret for dei tilsette som arbeider i teamet.

Det kan også verte lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato og vere godkjend spesialist i oral kirurgi og oral medisin etter norsk 5-årig program eller tilsvarande. Det er ein føremon at den som vert tilsett har norsk doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Pedagogisk erfaring og omfattande klinisk erfaring er eit krav.

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, ha gode leiarevner, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt vere fleksibel og serviceinnstilt. Ved vurderinga vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane og fagkompetansen som er naudsynt for stillinga.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • stilling som overtannlege (kode 1301) er lønt i lønssteg 68 (for tida 618 600 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

  • Seksjonsleiar, professor Trond Berge, e-post: Trond.Berge@uib.no eller
  • Overtannlege Cecilie Gjerde, e-post: Cecilie.Gjerde@uib.no ved Seksjon for oral kirurgi og oral medisin

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS