Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Instruktørtannlege (fleire vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig fleire vikariat som instruktørtannlege.
Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, ha ulik stillingsprosent og tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodonti og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.
Arbeidsoppgåver:
Klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar
Deltaking i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk
I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval, og høve til å delta i faglege fora
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
norsk autorisasjon som tannlege
erfaring frå allmenn praksis og undervisningserfaring er eit ønskje
stilling utanom Institutt for klinisk odontologi for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter
den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar
startløn (kode 1015) for tida kr 565 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling, alternativt (kode 1353) for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse startløn for tida kr 590 000 brutto pr. år for ei fulltidsstilling
søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
kva stillingsbrøk du ønskjer
oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.