Rådgjevar innan forsking i fakultetsadministrasjonen - Fakultet for helse og sosialvitskap
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og naturfag, lærarutdanning og økonomi, samfunnsfag og maritime studier. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.
HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 460 tilsette og 5500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, er det ledig 1 års vikariat i 100 % som rådgjevar innan forsking.
Vi søkjer ein erfaren og engasjert rådgivar som vil spele ei nøkkelrolle i å styrke fakultetet si forskingsforvalting og utvikle forskingsaktiviteten vår. Forskingsrådgjevaren vil vere knytt til fakultetsadministrasjonen og vil samarbeide nært med prodekan for forsking, administrasjonssjef samt dei tre andre forskingsrådgjevarane ved fakultetet. Forskingsforvaltinga er i stor endring i høve til digitale arbeidsprosessar, og stillinga vil vere med på å forme utviklinga av dette.
Fakultetsadministrasjonen er lokalisert i Bergen, Førde, Sogndal, Stord og Haugesund. Hovudarbeidsstad for stillinga vil vere på ein av dei fem campusane.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Halde seg orientert om relevante endringar og prosessar internt og eksternt, og bidra til fakultetets konkurranseevne innan forsking og nyskaping
Bidra til at forskningsetiske rammeverk, personvern og datahandtering blir etterleve
Vere sekretær i relevante fora, herunder førebuing av saker og innkallingar og referatskriving
Førebuing av saker for fakultetsleiinga
Bidra til- og tilrettelege for oppfølging av vedtak
Bistå med formidling av informasjon internt og eksternt
Bistå med planlegging og gjennomføring av interne kurs og workshopar for våre forskarar
Bidra til utvikling av rutinar og retningslinjer for forsking ved FHS
Utgreiings- og utviklingsarbeid i samsvar med strategi og handlingsplanar
Delta og bidra på andre saksfelt etter behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant utdanning på minst masternivå. Ph.d. innan relevant fagkrets kan vere ein fordel
Dokumentert erfaring med forskingsadministrasjon
Svært gode munnlege og skriftlege engelskkunnskaper samt flytande skandinavisk
Ønska kvalifikasjonar:
Erfaring med effektiviserings- og digitaliseringsprosessar
Kjennskap til utdanningssektoren og/eller helseføretak, forskingsinstitusjonar og andre relevante offentlege instansar
Relevant erfaring innan ansvars- og arbeidsoppgåvene knytt til stillinga
God forståing for offentleg forvalting og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode administrative tenester
God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God organisasjonsforståing
Personlege eigenskapar:
Trivast med samarbeid på tvers av ulike fagmiljø
Gode kommunikasjonsevner og evne til å bygge relasjonar
Evne til raskt å sette deg inn i komplekse problemstillingar og sjå heilheita i utfordringar
Evne til å identifisere behov og tenke strategisk
Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
Løysningsorientert i forhold til endring i arbeidsoppgåver
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.